fredag, mars 27, 2009

Ein utrulig kveld!

I kveld dro eg ned til farmor og hadde med meg motorsaga. Saman heldt vi på om lag ein time å saga ved. Eg blir stadig imponert over den spreke farmormora vår! Etter arbeidsøkta gjekk vi inn og laga til kveldsmat. Øyvind kom ned etter at han hadde vore fotballtrenar. Nydelig kakao og ferske skiver glei ned. Etter ei stond ville Øyvind spele spel, så han og farmormor forsvann ned i kjelleren for å leite fram spelet. Når dei kom opp att frå kjellaren kom Øyvind berande på eit beist av ein gamal bandspelar og farmor hadde med seg fleire rullar med band som vi kunne spele av. Spennande! Etter litt fiksing med knappar og lydband kunne vi høyre klart og tydelig frå opptaket på bandet som sto i. Det var frå nyttårsaftan i 1955. Vi fekk høyre farfar/morfar som snakka. Det var ei sterk oppleving. Han fortalde om fryseriet som dei nettop hadde laga ferdig, og så mimra dei litt frå året som hadde gått. Farmormor snakka litt, og pappa Ståle var ikkje pappa Ståle den gongen. Når farmormor spurte kva han heitte, kom det så søtt til svar: "ej heite lillebror". Petter var ni år, og Kari var sju år. Olav Rune ville ikkje snakke på lydbandet, men farfar/morfar sa at Olav Rune ønska godt nytt år han også, sjølv om han ikkje ville sei det. Vi fekk ei ivrig avhandling frå Petter om arbeidet med fryseriet og diverse personar som hadde vore innom. Utrulig å høyre på dette opptaket, veldig fin og sterk oppleving.

I morgon reiser Øyvind, farmor og eg til Hustad og skal besøke dei der. Det gler eg meg til!
Birgitte

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Ojojoj!
Så utruleg stort!
Håper eg får høyre dette i påska.

Ha ein god tur til Hustad.
Klem frå meg.

Unknown sa...

wow, kult! Eg håpar eg og Marthe får oss ein tur heim i påska, så vi får delta i det gode Godøyliv!