torsdag, februar 26, 2009

Soloppgang!

Vinterens første dag med morgonsol inn på kontoret. Kl 08.10 dukka ho opp bak sjøbuda. Er det ikkje vakkert?!?!?

tirsdag, februar 24, 2009

Gode gamle dagar!

Medan vi venter på at oldebarn i Bodø skal kome på besøk til verda er det mulig å kose seg med dette fantastiske biletet! Vi var så kule at eg blir glad i magen av å sjå på biletet :) Søte, søte Birgitte.
Sender ei takk til pappa som fann biletet og Birgitte som distribuerte det vidare til meg. Takk!


lørdag, februar 14, 2009

Snowboard på Godøyfjellet!

Idag skulle Øyvind, Olve og Birgitte på fjellet ein tur, men halvegs oppe i sida snudde vi og sprang heim for å hente snøbretta våre! Det er så mykje snø, så ei anledning til å kjøre brett på Godøyfjellet kunne vi ikkje la gå frå oss!! Her er nokre bilder frå turen:



fredag, februar 13, 2009

glimt frå Bolivia

hei slekt!
legg inn nokre bilder frå Bolivia eg=)
meir å sjå og lese på http://www.bonderomantikk.blogspot.com/ om det skulle vere interessant.

første utflukt; Mueblo de Diablo. Den spesielle spissen som vi ser kvar dag frå rommet.

volleyball utanfor Casa Allianza der eg bor.

utdeling av sparebanken møre-blyantar til borna på Alalay.

søndagstur på hesteryggen med nydeleg utsikt over La paz, Altiplano og fjelltoppar med snø på=)





no er eg tilkobla

fekk internett i dag. takk for mailer.
farmormor

mandag, februar 09, 2009

Farmormor skal lære å surfe!!..

...på nettet :) Meldinga frå telenor seier at tilkoblinga aktiverast 13.februar. Så no gledar vi oss til å ta fatt på surfe-skulen og håper at alle engasjerar seg med meldingar og chatting!! :) Dette blir spennande. Den fantastiske farmormora vår har begynt å utforske maskina så smått på eiga hand også, det er stilig:) Som ho seier: "Det er jo for gale å ha fått ei så flott gåve, og så skal ho berre stå der!" Bra instilling. Ein motivert elev er det beste som fins. Vi snakkast!