tirsdag, desember 07, 2010

Pepperkakebaking!

Vil berre dele nokre bilder frå den koselige kvelden hos Marthe og Jardar 1.desember. På programmet stod baking av pepperkaker inkl. blindtest av Birgitte og Marthe si deig, og baking av Jardar sine alternative(basert på utsjånad)peppernøtter(perfekt på smak), drikking av trøndersk julebrus og lytting til fin julemusikk. Jardar lærte bort kunsten å lage julestjerne av papir, og vi såg nokre artige klipp på You Tube! Den store oppdagelsen denne kvelden var at naboane i underetasjen kjenner Anette og Sturla! :)
Dette blir tradisjon!





mandag, november 08, 2010

Søskenopphopning på Sogn Studentby

Slik ser det ut når det hopar seg opp med sysken frå Olgasklan (i dette tilfellet medlemmar av Sætherstammen) på Sogn Studentby: Takk for besøket!

Søndagsmiddag på Sjetten

Tante Oddhild inviterte nok ein gong svoltne slektningar i Oslo-området på Sjettenmiddag søndag. Etter ein nydeleg brensnut med sviskekompott, var det duka for loppemarknad (der alt var gratis) og eplepai! Veldig kjekt å vere hjå deg tante Oddhild!




lørdag, september 18, 2010

Plommesylte!

I dag har farmor og eg laga 11 glas med syltetøy, og 5 glas med hermetiske plommer! No ser vi på bilda og koser oss med plommer og kaffi :) Her kjem dagens arbeid i bildepresentasjon:





Dagens sitat: "Eg lurer på kva vi gjjorde før i tida når vi ikkje hadde isbokser?!"






Vi er fornøgd med dagens resultat!! :)

fredag, september 10, 2010

feil blogg!

Det forrige innlegget skulle på min eigen blogg, men kom på olgas klan i staden! Bra for meg, så fekk eg sikkert fleire lesarar :) hehe. Eg har eit spørsmål til tante Kari og onkel Leif: Når reiser de på pilegrimstur?! Kan de legge ut ein blogpost frå turen når de kjem heim?!?! Gler meg til å høre frå pilegrimslivet.

torsdag, september 02, 2010

Kjersti og Harald = kone og mann !


Eit bilete frå den store dagen. Det var så kjekt at vi var der alle saman! Eg snakka med Harald i går, då var han på veg heim frå jobb, og skulle ete middag med kona si :) Takk for ei flott feiring av eit flott par!!

mandag, august 16, 2010

Saudehornet 1303 moh!

I dag har vore ein BRA dag. Øyvind, Ståle, Harald, Kjersti og Birgitte har bestige Saudehornet. Det var ein deilig tur med godt ver og godt humør. Ståle var spesielt fornøgd med endelig å bestige toppen som han har sett på i 57 år. Vi brukte 2t og 50 min opp, ti minutt raskare enn estimert tid i boka "fotturar på sunnmøre" :) På toppen kosa vi oss lenge, såg på fjelltoppane rundt som stakk opp over skodda, og Ståle fekk til og med blund på auget nokre minutt. Vi såg ikkje Godøya pga all skodda som låg rett rett under toppen. No er vi klare for siste innspurt før bryllupet neste helg! Gler oss til å sjå alle då!!


Brudeparet <3




fredag, august 06, 2010

Veslegut er på plass!


Runa og Øystein sin gut blei fødd 2.august, og beteforeldre og oldeforeldre var på pletten den dagen dei kom heim frå sjukehuset. Vi ville gratulere og bli kjent med dette nyaste skotet på stammen.
Ein kjempeflott gut med ei kraftfull røyst! Den kjem vi nok til å få høyre meir til!

torsdag, juli 01, 2010

Færda-lag



Færda-lag for Inge Jonny frå Austevoll (nr 2 frå venstre). Han har vore fiskar her oppe først etter torsk og så etter reker. Dei andre på biletet er El Huari - palleteringsformann(nr 1 frå venstre), Jonny - kaisjef/bryggeformann (nr 3 frå venstre) og Ståle - daglig leder.

onsdag, juni 30, 2010

Kveldstur i dagslys!



Eit lite glimt frå nord! Ståle og Birgitte tok ein kveldstur i lysløypa og utforska nye stiar i naturen på Skjervøya i kveld! Dette biletet er tatt kl 21.30 og sola står framleis høgt på himmelen! Det er vakkert i nord!

Olgas Klan sitt neste medlem

I dag var vi hjå legen og fekk høyre klare og tydelege hjarteslag frå Lille Luringen som gøymer seg i magen.  Dermed vart det enno meir verkeleg at Olgas Klan skal få eit nytt medlem - truleg rundt nyttårstider!  Gratulerer Farmormor! 



tirsdag, juni 29, 2010

VELKOMMEN TIL OSS

Vegar, Sigrid, Laura og Ragnhild er på besøk. Vi sit og ser i ei gamal gjestebok og frå 1967 fann vi dette velkomstdiktet. Forfattar er nok Kari. Syntes det var så kjekt at vi ville dele det med dåkke:

Dersom du ein gong så heldig er
at i land du på Godøy kjem
så spør etter Johans og oss fem her
då kjem du heilt sikkert fram.

For Johans er namnet på garden her
frå eldgammal tid er det nok.
"Johans-Petter" kjend vide er,
vi andre slikt namn og har fått.

Petter, Olav Rune og Ståle-mann
er mannfolka her i garden.
Dei likar seg best når rote dei kan
med traktor og mold all dagen.

Damene er i mindretal,
kun ei dotter i huset.
Men trur du at kvinnfolka dermed vil
late seg underkue?

Velkommen til heimen vår du er
vi vonar du trivst her med oss.
Vi ynskjer deg velkommen tilbake her
så snart du berre får lyst!

søndag, mai 23, 2010

Laura og Besten :)

Hurra for 17.mai!



Laura syntes det var veldig kjekt å feire sin første 17.mai saman med Godøy-besten!

mandag, mai 10, 2010

KAREN OG JAKOB

Karen: Jakob koffer klyppa du i stykker genseren din?
Jakob: Men mamma da,æ skulla jo bare se om æ klart å klypp den akkurat passe slik at du klart å reparer den......
Karen: Det går ikkje du har klippa på kryss å tvers av magen:::!
Jakob: VUÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ, og den fine genseren som æ fikk fra bestemor!Du e dom!!!

søndag, mai 02, 2010

prøver igjen



Birgitte såg ikkje bildet, så eg prøvar på ny.
Posted by Picasa

Da Peder lærte å drikke med sugerør





Vi hadde gledelig overraskelsesbesøk her igår. Storsjarmørane Peder og Per kom innom. Takk for ein trivelig ettermiddag ilag!

søndag, april 04, 2010

Påsketur!

I går var Ståle, Inger, Øyvind og Birgitte på skikkelig påsketur :) Med kakao, Kvikk Lunsj, appelsin og matpakke i sekken tok vi turen på langrennski rundt vatnet ved Fjellsetra! I det Birgitte sette på seg skia og skulle bøye seg ned etter stavane, knakk den eine bindingen! Ståle var skysskar, og vi køyrte opp til utleigebua ved alpinanlegget. Der fekk vi god service, og nye bindingar var på plass på eit blunk! Så kunne vi begynne å gå.



Inger sa at dette var ein passeleg kosetur, men det var tydelig at vi har forskjellige forestillingar om kva som er ein passeleg kosetur. Når vi var halvvegs begynte Ståle å spørre om det var langt igjen. Det var på tide med ein rast. Kakaoen smakte fortreffelig, og vi fylte på ekstra energi med ein knekk av Kvikk Lunsjen.



Spreke Øyvind med sine lange bein suste frå oss på slutten av turen. Sola steikte skikkelig godt siste etappen og vi kom varme og gode fram til bilen der vi fann fram appelsinene og kjente på kroppen at dette var GODT!







GOD PÅSKE!!!! :)

onsdag, mars 31, 2010

Atlanterhavsparken!

I går skulle Aurora, Theodor og Runa på akvariet, og Sturla, Jardar, Marthe, Øyvind og Birgitte fekk bli med :) Vi såg dykkaren som mata fiskane og kosa med steinbiten. Aurora var kjempetøff og løfta hummeren opp av vatnet i krabbefiskerommet! Vi såg på pingvinane som blei mata, og fekk mate fiskane i det eine akvariet sjølve. Ein veldig kjekk dag på Atlanterhavsparken i Ålesund!


Flotte fargar!


Øyvind og Aurora ser på dykkaren som matar fiskane


Sturla er glad!


Theodor og fadder-onkel Jardar har det også kjekt!


Steinbiten ville ha kos :)


Theodor helser på herr Skate


Tøffe Aurora held hummeren


To glade fiskar :)

tirsdag, mars 02, 2010

Sofie 1år

I går blei Sofie 1 år! Vi gratulerer!