onsdag, juni 30, 2010

Kveldstur i dagslys!



Eit lite glimt frå nord! Ståle og Birgitte tok ein kveldstur i lysløypa og utforska nye stiar i naturen på Skjervøya i kveld! Dette biletet er tatt kl 21.30 og sola står framleis høgt på himmelen! Det er vakkert i nord!

Olgas Klan sitt neste medlem

I dag var vi hjå legen og fekk høyre klare og tydelege hjarteslag frå Lille Luringen som gøymer seg i magen.  Dermed vart det enno meir verkeleg at Olgas Klan skal få eit nytt medlem - truleg rundt nyttårstider!  Gratulerer Farmormor! 



tirsdag, juni 29, 2010

VELKOMMEN TIL OSS

Vegar, Sigrid, Laura og Ragnhild er på besøk. Vi sit og ser i ei gamal gjestebok og frå 1967 fann vi dette velkomstdiktet. Forfattar er nok Kari. Syntes det var så kjekt at vi ville dele det med dåkke:

Dersom du ein gong så heldig er
at i land du på Godøy kjem
så spør etter Johans og oss fem her
då kjem du heilt sikkert fram.

For Johans er namnet på garden her
frå eldgammal tid er det nok.
"Johans-Petter" kjend vide er,
vi andre slikt namn og har fått.

Petter, Olav Rune og Ståle-mann
er mannfolka her i garden.
Dei likar seg best når rote dei kan
med traktor og mold all dagen.

Damene er i mindretal,
kun ei dotter i huset.
Men trur du at kvinnfolka dermed vil
late seg underkue?

Velkommen til heimen vår du er
vi vonar du trivst her med oss.
Vi ynskjer deg velkommen tilbake her
så snart du berre får lyst!