lørdag, september 18, 2010

Plommesylte!

I dag har farmor og eg laga 11 glas med syltetøy, og 5 glas med hermetiske plommer! No ser vi på bilda og koser oss med plommer og kaffi :) Her kjem dagens arbeid i bildepresentasjon:





Dagens sitat: "Eg lurer på kva vi gjjorde før i tida når vi ikkje hadde isbokser?!"






Vi er fornøgd med dagens resultat!! :)

fredag, september 10, 2010

feil blogg!

Det forrige innlegget skulle på min eigen blogg, men kom på olgas klan i staden! Bra for meg, så fekk eg sikkert fleire lesarar :) hehe. Eg har eit spørsmål til tante Kari og onkel Leif: Når reiser de på pilegrimstur?! Kan de legge ut ein blogpost frå turen når de kjem heim?!?! Gler meg til å høre frå pilegrimslivet.

torsdag, september 02, 2010

Kjersti og Harald = kone og mann !


Eit bilete frå den store dagen. Det var så kjekt at vi var der alle saman! Eg snakka med Harald i går, då var han på veg heim frå jobb, og skulle ete middag med kona si :) Takk for ei flott feiring av eit flott par!!