søndag, september 23, 2007

Årets siste bad!





Kjersti følte for å ha ei markering av at badesesongen faktisk er over for i år, så i dag gjekk søndagsturen til Bunntjern der vi to tøffe kasta oss uti det kalde vatnet. Herlig forfriskande, rett og slett! Så bar det til Oslo sin vakraste topp, Vettakollen, der vi måtte forestille oss den fine utsikta over fjorden gjennom tåka. Men vi kosa oss likevel, deilig å vere varm og god inni når det er kaldt og rått utapå:)

Birgitte 22 år!!










Dagen starta klokka seks på morgonen med bursdagssang på senga før Birgitte skulle på jobb. Då ho kom heim feira vi med champagne frå hurtigruta og jordbær frå Holland ... mmm:) Etterpå hadde vi herleg Happy house (= Hanne, Birgitte og Kjersti sitt kollektiv) middag med reker og kvitvin. Birgitte og Hanne avslutta etter omstendelege førebuingar og fotosession kvelden og natta på byen, sjekk babes'a da!!

Vindfullt og storslagent på Sløktinden!




Øyvind og eg fekk oss ein deilig søndagstur til Sløktinden i nydeleg sol, klare haustfargar, og mimra i festrus om den store festen på Frænabu! På toppen var det storm, heftig og begeistrende:) Då vi kom heim hadde pappa middagen klar. Det ER veldig, veldig godt å vere heime på Godøya!

mandag, september 17, 2007

120 års feiring på Hustad!

Ferga var full av sunnmøringar laurdags formiddag! Med litt kaffi og svele i magen var vi klare for ein heidundrande fest på Frænabu!


Tante Aud og onkel Olav Rune ankom Godøya fredag kveld rundt midnatt etter mange svingar og lange ventetider på div. ferger.


Har dessverre ingen bilete frå festen.. det får andre legge ut. Men eg har bilete frå den guida turen dagen derpå! Åsgeir viste oss rundt og vi fekk nyte synet av herlige surfebølger på diverse strender!

Marthe syntes også her var veldig fint!


Farmor vinka Trondheimsdelegasjonen hade då vi venda nasen nordover igjen.
Men mykje kaffi og smørbrødkake i magen!
TUSEN TAKK FOR EI KNALLKJEKK HELG!

søndag, september 16, 2007