onsdag, april 29, 2009

Livet er godt!

No har vi klippa graset i hagen, og koser oss med nydelig kveldsmat med speilegg! Det er sommerver på Godøya og livet er godt! Helsing Birgitte og farmormor :)

onsdag, april 22, 2009

Farmor på lasset!

Det finst fleire spreke farmødre her i landet!




tirsdag, april 21, 2009

Farmormor 87 år!

GRATULERER med dagen din, kjære, vakre, flotte farmormora vår.
Vi er alle veldig glade i deg og ønsker deg ein fantastisk dag.

Har hørt rykter om lapskausmiddag i Johans i dag. Høyres koselig ut.
Kanskje får vi som ikkje kan vere tilstades sjå bilete frå festen på bloggen????!!!

søndag, april 19, 2009

Veslebror på Valderøya er fødd!



Den flotte prinsen til Runa og Øystein kom til verda i går, søndag 19. april. Aurora er stolt og forkava som støresøster. Mormor er også kjempeglad for det nye tilskotet til familien!

fredag, april 10, 2009

Gratulerer med dagen!!!

Vår kjære, flotte onkel/pappa/bestefar/mann/svoger/svigerson Leif fyller 25 år i dag! Dagen feirar han saman med svoger Ståle og resten av Sunnmøre kristlege mannskor. 

Vi håper og trur at dagen din har vore TOPP!

Skjærtorsdag hjå farmormor




Farmormor inviterte 14 heldige til påskekos i ettermiddag. Laura frå Italia og hennar 3 skjønne barn, tante Kari, Jardar og Olve frå Øvste og mamma Inger, morfar Sverre, Peter, Birgitte, Øyvind Snorre og meg frå Nedste. Eit sunnmørsk kakebord var dekka og stemninga var høg! 


onsdag, april 08, 2009

Gratulerer med dagen!!!


Ståle 56 år, onsdag 8.april 2009. I går hadde vi bacalao-fest for jubilanten. Veldig kjekt!
(sjå www.ragnhildogvegar.wordpress.com for fleire bilder) I dag er jubilanten, og onkel Leif, på kor-øving med Sunnmøre kristelege mannskor før dei legg ut på påske-turné dei neste dagane. Alle gode ønsker til bursdagsbarnet :)