onsdag, mai 31, 2006

"Pelemann" er blitt stor!

Det er mogleg dette er gammalt nytt og eg berre er sist på jungeltelegraflinja, men sjekk da:

Per Gjermund er blitt LEIAR!

tirsdag, mai 30, 2006


Hehe, Olgas Klan søkjer visst friluftsopplevingar synkront! Eg og var i mark i helga, og sjekk superbiletet som Kjetilkompis tok av meg med kameramobilen sin:

søndag, mai 28, 2006

sykkeldag





I dag har vi sykla.Heile dagen! Heftig da. Men det var utrulig kjekt. Kjersti og eg starta dagen med å sykle til Nordmarkskapellet, gudsteneste der. Så sykla vi il Sinsen på baby-besøk hos Gry og Asgeir, og videre derfrå til Elin Merete og Kristian som hadde termin i dag. Deretter rulla vi videre til Ragnhild og laga nydelig laksemiddag med påfølgende frukt og is til dessert. It was a beautyful day!

Linkar

Eg har lagt ut links til dei Sæthersøskena som er på nett. Håpar ikkje eg har gløymt nokon.. Linkane er oppført i aldersrangert rekkefølgje:-) No skal eg ut i Bymarka i fineveret!

torsdag, mai 25, 2006

25.mai-søster-frukost


Vi skålar i kaffi for sol og vår og himmelsprett! Dagen skal vi nyte frå sykkelsetet innover i Nordmarka, Kikut er målet! Kjersti har endelig funne ut at Blogg ikkje er så vanskelig likevel. Kjekt at så mange er med, men kvar blir det av Johansgutta?

Send invitasjonar vidare!!!

Ha ein god dag alle saman!
Klem frå oss

torsdag, mai 18, 2006

17 mai i Trondheim


Stud.psychol. Joar Halvorsen i historisk korrekt Rogalandsbunad
Stud.psychol Jardar Godø Sæther i Sunnmørsbunad med matchande papirkrus med kaffi i handa.

Biletet er teke nasjonaldagen den 17., ved Svaneapoteket i Nidaros, også kjend som Bartebyen Trondheim.

Feiringa foregjekk i sømmelege former. Følgjande gjev eit stikkordsresyme: Marthe+Jardar=sant, frukost hjå kull22 med nybakte bollar og laks. Kaffi og hotdog og vaffel-inntak i roleg passgang langs bakklandet og inn mot sentrum. Tog. Masse kjekke venner i festdrakt og smil. Rømmegraut, spekemat og frisbee i hagen til Kjetil+Aasta=sant.

tirsdag, mai 16, 2006

Konfirmasjon!




Tusen takk for ein veldig fin konfirmasjonfest alle saman. Det var jammen ein utruleg kjekk dag. Eg skriv under på Arne Tunheim sitt sitat:
"Eg er jammen glad for at eg er i slekt med alle dåkke!"

mandag, mai 08, 2006

Praktisk info!

Vilde og eg er veldig enige om at dette var en genial idè!

Reint praktisk så trur eg at dåkke må få mail med invitasjon frå en av oss som har logga oss inn.
Så SEND GJERNE E-POSTADRESSA DI TIL MEG:
RagnhildMagelssen.Godo@stud.aho.no
så skal eg invitere deg!

Alle må så logge seg inn med eget brukernavn og passord.

Eg er forresten ADMINISTRATOR av denne nettsida!! Tihi!
Liker å ha en tittel på rullebladet :)

Ha ein fin kveld! Gleder meg til å høyre kva dåkke drive med alle saman!

SPRE DET GLADE BUDSKAP OM DEN NYFØDDE BLOGGEN!!!

Klem frå Ragnhild.

Velkommen til vår elektroniske møtestad!

Hei Slekta!
Eg har nok oppretta ei side på det verdsomspennande nettet slik at vi til alle tider og alle stader kan glede kvarandre med gode historier, artige bilete, viktige oppdateringar og elles det som skulle ligge oss på hjartet!
Send denne adressa vidare til alle i Godøyslekta som du har mailadressa til!
Johoo! Eg er søsen allerede og gleder meg til å sjå kvar dette skal ende!
Takk til meg. Sender med nokre minner frå ei god påske!
Siggen, Strulla, Snorre og Jardar på veg til Høgstein.

Farmormor og eg følger på!


Farmormor gir gutane ei lita skrøne!

Og SÅ var det klart for kaffikos!