tirsdag, desember 30, 2008

Klanens høvding testar internett med eigen PC




Idag fekk mormor si første innføring på eigen PC. Ho har fått epostadresse og har lært så smått å bruke mus for å navigere. HO GREIDE Å DOBBELTKLIKKE PÅ FØRSTE FORSØK!!! Det er imponerande!  Dei som er innom henne må hjelpe henne inn for å sjekke mail og sjå om det er nyhende på bloggen. Ho hadde stor glede av å bla seg nedover "pergamentrullen" (det var slik eg foklarte websidescrolling) og sjå alle fine bilete og skriftlege innlegg.  Ja og vi chatta faktisk med kvarandre på gmail med video også. Eg var i kjellaren og ho var oppe. Snakk om teknisk bestemor!

På PCen hennar har eg lagt eit Internet Explorerikon på desktopen. Når ho går inn der kjem innboksen på gmail opp, og Klanbloggen legg seg bakom. i første omgang er vel dette det viktigaste for henne å manøvrere. etterkvart kan ein legge inn bileter på PCen. ta med minnekort, ho har minnekortleser på PCen.

Sjølv kommenterer hovdingen at det "ikkje er lett å lære ei gammal merr å knegge". Eg kan legge til at til merr å vere så handterte ho den nye teknologien svært bra!

mandag, desember 29, 2008

romjulsbesøk på Nyjorda

Kjære delar av Olgas Klan!
tusen takk for ein kjempekjekk dag på Nyjorda!

god mat og prat

Sigrid og Ronja ute på Nordneset
Elton John..?
Tidenes bilde=) Vi hoppar over sjølvaste Hustadvika!

Håpar på mange gode dagar også i 2009=)