tirsdag, juni 16, 2009

Internetside!

Olga Godø AS tenker stadig nytt og har nyleg publisert ei heimeside på internet om norske presidium! www.slowfish.no
I samarbeid med tre andre klippfiskprodusentar i Møre og Romsdal er vi med i eit Slow Food prosjekt med presidiumet "Baccala di Møre og Romsdal".
Slow Food er ein medlemsbasert organisasjon som starta i Italia i 1989. I dag er det over 100.000 medlemmar frå over 150 land. Les meir på www.slowfood.com.
Presidium tyder vern, og eit presidium er eit verna produkt som blir produsert etter godkjent slow-food-protokoll. Formålet med eit presidium er å utvikle nye idear og strategiar for ei levedyktig framtid for småskala produsentar. Då vi var i Italia på "SlowFish"-messe, var det for å promotere vårt presidium og norsk klippfisk! Det gjekk strålande, for italienarane ELSKAR klippfisk frå Norge!

På heimesida vår www.slowfish.no legg vi ut informasjon om oss sjølve og arbeidet med presidium Baccala di Møre og Romsdal. Der finn du bilder, artiklar, kontaktinformasjon, historie og aktuell informasjon! Håper du vil utforske sida litt, og kom gjerne med tilbakemeldingar:)

tirsdag, juni 09, 2009

Torsk!!!



Denne middagen var så ekstraordinær at vi måtte til og med ta bilde av han!! I gårkveld var pappa ute og fiska, og fekk ein svær torsk. I dag fekk vi nyyyyydelig kokt torsk til middag. Takk for mat!

søndag, juni 07, 2009

søndagsskuleavslutning!

I dag var det tid for den tradisjonsrike/bundne søndagsskuleavslutninga i utmarka! Kjetil prest heldt gudsteneste ved steinalteret som Ståle laga til i går, og Birgitte var kirketjener. Etter gudstenesta hadde søndagsskule-leiar utdeling av premier til trufaste søndagsskulebarn, og så var det sporløp. Olga, Inger, Birgitte og Synne(datter til Jarle og Britt Remmen) var på det brune laget, men det var desverre det gule laget som vann.. Etter sporløpet var det grilling i "høla" og fanging av rompetroll for barna:) Kari, Runa, Aurora og Theodor hadde også komt då! Oldemor kosa seg med vesle Theodor i den lune kråa! Aurora, Synne og Birgitte hadde det gøy med å få opp dragen, som heitte "Black Beauty", eller "Skjønnheten" som Aurora kalla han!(les: laga av svart søppelsekk). Dragen flaug veldig fint før den mista halen.. :) Takk for ei fin stund i utmarka.



Åse-Britt er heime!

I går kom Åse-Britt heim frå Bolivia! Åsgeir kom køyrande i sitt flotte framkomstmiddel og tok ein rast hos oss i Børsa. Runar - ein Fræna-kompis - henta Åse-Britt på Værnes og køyrde henne til Børsa. Så kosa vi oss alle i lag med eit nattmåltid før Åsgeir drog fram startgassen, opna panseret og fekk lurt i gang bilen!

Takk for ein fin kveld!

mandag, juni 01, 2009

Farmor og Birgitte på farta!

Vi er stadig på farta, farmor og eg! På laurdag var vi bydamer og fekk gjort unna ein god del viktige ærend, og til slutt MÅTTE vi berre ha ein softis i den VARME sola. Då kosa vi oss :)



Her ein dag skulle eg vere sjåfør til kvinneforening, og tok pic-upen når eg henta farmor. I det vi kjørte forbi Nelly sitt hus kom vi på at kanskje ho også skulle på forening, og stakk innom for å sjå om ho ikkje hadde gått. Då det viste seg at Nelly gjerne ville ha skyss ho også, fåreslo eg at eg kunne hente Carawellen, slik at det var plass til begge to. Men sidan det berre var eit par minutt til kvinneforeninga starta, så ville dei heller sitte "litt trangt" enn å komme for seint... Jaja, tenkte eg, dei er vel vaksne nok til å bestemme sjølv... Og vips, så satt vi tre damer i pickupen! Det vart ei skrålande og lattermild transportetappe til kvinneforening:)