onsdag, desember 19, 2007

førjulsbesøk















Fann ut at det var på tide med eit førjulsbesøk hos mi kjære farmor. Det var så koseleg! ikkje sant, farmor?! Tente mykje lys, åt god mat, prata, eg lærte å strikke vrangt, tankar.....

Farmor er heilt topp!!

GOD JUL til Olgas Klan!

onsdag, november 28, 2007

ADVENTSKALENDER!

Adventskalender til farmormor!
Satser på at ho ikkje er inne og surfar før 1.desember :)


tirsdag, oktober 30, 2007

HIT THE ROAD!

JOHOO!

Vi setter oss i bilen og suser heim til Godøya på fredag!

Kven andre av søskenborna er heime i helga?!

Gleder oss veldig :)

søndag, september 23, 2007

Årets siste bad!





Kjersti følte for å ha ei markering av at badesesongen faktisk er over for i år, så i dag gjekk søndagsturen til Bunntjern der vi to tøffe kasta oss uti det kalde vatnet. Herlig forfriskande, rett og slett! Så bar det til Oslo sin vakraste topp, Vettakollen, der vi måtte forestille oss den fine utsikta over fjorden gjennom tåka. Men vi kosa oss likevel, deilig å vere varm og god inni når det er kaldt og rått utapå:)

Birgitte 22 år!!










Dagen starta klokka seks på morgonen med bursdagssang på senga før Birgitte skulle på jobb. Då ho kom heim feira vi med champagne frå hurtigruta og jordbær frå Holland ... mmm:) Etterpå hadde vi herleg Happy house (= Hanne, Birgitte og Kjersti sitt kollektiv) middag med reker og kvitvin. Birgitte og Hanne avslutta etter omstendelege førebuingar og fotosession kvelden og natta på byen, sjekk babes'a da!!

Vindfullt og storslagent på Sløktinden!




Øyvind og eg fekk oss ein deilig søndagstur til Sløktinden i nydeleg sol, klare haustfargar, og mimra i festrus om den store festen på Frænabu! På toppen var det storm, heftig og begeistrende:) Då vi kom heim hadde pappa middagen klar. Det ER veldig, veldig godt å vere heime på Godøya!

mandag, september 17, 2007

120 års feiring på Hustad!

Ferga var full av sunnmøringar laurdags formiddag! Med litt kaffi og svele i magen var vi klare for ein heidundrande fest på Frænabu!


Tante Aud og onkel Olav Rune ankom Godøya fredag kveld rundt midnatt etter mange svingar og lange ventetider på div. ferger.


Har dessverre ingen bilete frå festen.. det får andre legge ut. Men eg har bilete frå den guida turen dagen derpå! Åsgeir viste oss rundt og vi fekk nyte synet av herlige surfebølger på diverse strender!

Marthe syntes også her var veldig fint!


Farmor vinka Trondheimsdelegasjonen hade då vi venda nasen nordover igjen.
Men mykje kaffi og smørbrødkake i magen!
TUSEN TAKK FOR EI KNALLKJEKK HELG!

søndag, september 16, 2007

søndag, august 19, 2007

Aafk- Stabæk 1-4

Det var sommer, det var sol og det var kampdag!
Vi stillte mannsterke for å stå imot Stabæk-supporterane - Inger, tante Aud og søskenbarn Peter Sverre!
Ålesund tapte da men... vi hadde ein fin ettermiddag saman likevel!
Turen blei avslutta med at mamma Inger spanderte is på alle - så trass stortap sat vi snart ganske så lykkelige på bryggekanten i Ålesund og slurpa i oss is i kveldssola!


søndag, juni 17, 2007

Eit par av oldebarna dine, farmor!!

Hei farmor!
























Tenkte eg berre måtte legge inn nokre bilde av to av dei flotte oldebarna dine! Dei er fantastiske! No har dei vore her hos oss i Fræna i ei veke ilag med Sveinung. I og med at dei var her så lenge, fekk vi også lære både Jakob og Marcus betre å kjenne.
Berre gle deg til neste gong du får sjå dei!!!
Helsing frå den stolte tanta=)

tirsdag, mai 08, 2007

Sigrid i USA!



Som kanskje ikkje alle veit, so va ej i USA i tre veke denne våren. Eg reiste på studietur med ein del frå skulen, og so blei eg igjen i to veker til, og besøkte slekt der!
Med skulen, besøkte oss den lille byen Decorah. Her budde oss med vertsfamilier, og var med amerikasnske studentar på skulen en dag. Når eg var med slekta, var eg i Arizona ei veke. Der var det full sommer! Vi var her bl.a. i Grand Canyon! Veldig fantastisk, fasinerende og mektig. Elles kosa vi oss saman. Det var så kjekt. - det største eg nokon gong har jort!