søndag, desember 20, 2009

Kaffi i Øvste

Aurora og Teodor overnatta hos mormor og besten så da er det liv i stova. Farmormor, Sigrid, Birgitte, Kjersti, Ragnhild, Laura og Vegar kom også og fekk nydeleg kaffimat. Ein koselig kveld med intimkonsert av Sangstjerna Aurora.Familiens private kraftverk var i aksjon heile kvelden.. og heile påfølgande natt har vi hørt rykter om!!
Takk for ein koselig ettermiddag.

Førjuls 2009

19.desember var det duka for årets Førjulsturnering i Godøyahallen. Øyvind Snorre hadde tromma saman eit lag som han kalla "Olgas venner". Olve, Sigrid, Vegar, Ørjan og Kristoffer var spelarane som ofra liv og lemmer for Olga!

Og Olga Laura var der og heia!

"Berre eg er saman med dykk kan eg vere kvar som helst", seier farmormor. Og vi synest det er så kjekt å vere i lag med deg.

Farmormor spanderte kaffi og kaker i kafèen etter kampen.

Kaka var GOD: "Akkurat som eg skulle laga den sjølv".

Heiagjengen fulgte ivrig med. "Olgas venner" leda halve kampen over fjorårsvinnarane men måtte sleppe inn 2 mål som sendte dei ut av turneringa for denne gang. Så no er det berre å trene til neste år!

søndag, november 15, 2009

Kjersti <3 Harald



Gratulerer!!! Kjersti og Harald er trulova! Alle hjerter gleder seg :) HURRA!

onsdag, november 04, 2009

helsing frå Bolivia!

Nei no var det så lenge sidan nokon hadde gitt livsteikn frå seg på klanbloggen, at eg berre måtte få ut fingeren!

Bolivia er berre heilt utruleg! eg blir stadig meir og meir imponert over kva dette landet kan by på, folket, og fattigdommen..
Eg fortsette jobben eg hadde som engelsklærarassistent på same skulen som før, elevane gir meg meir og meir tillit og det er kjempekjekt! .Om ettermiddag/kveld er eg mykje med vennene mine her.
I helgene reiser eg litt rundt for å bli kjent med meir enn berre La Paz. Til tider er det godt å komme seg ut av alt støyet, bilduren og eksosen... Var i Amazonas og fekk sjå aligator på nært hald! konge-tur!!
Har også venner på gata som er skopussarar. Ein dag lærte eg å pusse. Det synes det er veldig artig at eg pussar deira sko! Det er så sjukt at dei skal bli sett så ned på, berre pga yrket sitt...


Besøkte ein by som heiter Caranavi. Den ligg ca 4t frå La Paz og ca2500m lenger nede. Der traff vi ein mann som vart så innmari glad for besøk! vi fekk blomster og masse frukt! kjempestas! Han viste oss kaffiplantasjen sin som han hadde fått hjelp av misjonsalliansen til å bygge opp. Kult å sjå at det funkar å hjelpe!!

tirsdag, september 29, 2009

Laurdagskos

Tante Kari og onkel Leif, Marthe og Jardar, Kjersti, Birgitte og Sigrid var sist laurdag på besøk hos oss i Børsa. Veldig koseleg. Takk  for ein fin kveld.











fredag, september 11, 2009

Kveld i Børsa

Husets sjef og nestsjef søv søtt i sofaen etter ein veldig hyggeleg kveld hos tante Birgitte og tante Sigrid. Bonusonkel Jardar og bonustante Marte var der også. Vi kosa oss veldig! No er det natta for store og små. Pappa og vikarlærar på Børsa skole har lagt seg for å ha krefter til å leie 4. klassingane der oppe gjennom ein ny dag i morgon. Tante Kjersti sit ved pc-en og nyter kveldsroa. 
Guds fred over natta til alle.

tirsdag, september 08, 2009

Laura


Vesle Laura-skatten vår er no 10 dagar gamal. Vi koser oss i lag med henne og nyter livet som ein liten familie. 


Tante Sigrid, tante Birgitte og bonustante Marthe beundrer prinsessa i vogga!

Kjempekoselig med kveldsbesøk av tanter og "onkel" frå byen. Alltid stas. Det er så veldig kjekt å ha slekt i nærleiken.

Pappa og Laura har kosestund i sofaen.


Laura, tante Sigrid og mamma på veg ut på trilletur.

Det er godt å kvile hos tante Birgitte.

Det tek litt tid å vakne skikkeleg etter ein god lur i vogga!

No gleder vi oss til besøk av mormor og tante Kjersti.

lørdag, september 05, 2009

Velkommen, Laura <3


28.august kom ho til verda 51 cm lang og nesten fire kg. Skjønne Laura er akkurat ei veke gamal i dag (fredag) :) Gratulerer Ragnhild og Vegar!
..Gå inn på www.ragnhildogvegar.wordpress.com for fleire bilder!

mandag, august 10, 2009

Teodor




26.juli blei Teodor døypt i Valderøy kyrkje.  Det var besten som døypte.  Vi var 13 til middag og over 60 til kaffi! 

Peder



Vesle Peder blei døypt i Bud kyrkje 19.juli.  Oldemor tok del i gudstenesta og i festen på Frænatun etterpå.  Kari og Leif var heldige sjåførar som også fekk vere gjester i Peder sitt dåpsselskap!

tirsdag, juli 07, 2009

Sturla og Anette gifter seg!




Laurdag 27.juni gifte Sturla seg med si kjære Anette frå Skien.  Dei vart vigde i Gjerpen kyrkje av ein stolt pappa Leif. Aurora og Noa (den vesle gule bamsen) følgde med at alt gjekk rett for seg i kyrkja.  Etter vigsla fekk alle som var i kyrkja smaka ev bryllaupskaka som Werner, den eine forloveren til Sturla, hadde laga.  Den smakte veldig godt!

Festen feira vi i Skien baptistkyrkje.  Det var ein strålande dag, med omlag 30 varmegrader. Men lokalitetane var kjølige og behagelege.  I ein pause dansa vi ringdans som familien her hadde øvd seg på i Kari sin 60års dag i vinter!

lørdag, juli 04, 2009

Bursdagsfeiring i Øvre



Runa har bursdag i dag, 4.juli, saman med Dronning Sonja.  Johans-bestefar (Runa sin oldefar), hadde også bursdag denne dagen.

Vi feira med middag først.  Til kaffien kom Ståle og Sigrid også.  Runa fekk ein klippfisk i presang.  Ho fekk også ein karaffel frå Hadeland glassverk.

tirsdag, juni 16, 2009

Internetside!

Olga Godø AS tenker stadig nytt og har nyleg publisert ei heimeside på internet om norske presidium! www.slowfish.no
I samarbeid med tre andre klippfiskprodusentar i Møre og Romsdal er vi med i eit Slow Food prosjekt med presidiumet "Baccala di Møre og Romsdal".
Slow Food er ein medlemsbasert organisasjon som starta i Italia i 1989. I dag er det over 100.000 medlemmar frå over 150 land. Les meir på www.slowfood.com.
Presidium tyder vern, og eit presidium er eit verna produkt som blir produsert etter godkjent slow-food-protokoll. Formålet med eit presidium er å utvikle nye idear og strategiar for ei levedyktig framtid for småskala produsentar. Då vi var i Italia på "SlowFish"-messe, var det for å promotere vårt presidium og norsk klippfisk! Det gjekk strålande, for italienarane ELSKAR klippfisk frå Norge!

På heimesida vår www.slowfish.no legg vi ut informasjon om oss sjølve og arbeidet med presidium Baccala di Møre og Romsdal. Der finn du bilder, artiklar, kontaktinformasjon, historie og aktuell informasjon! Håper du vil utforske sida litt, og kom gjerne med tilbakemeldingar:)

tirsdag, juni 09, 2009

Torsk!!!



Denne middagen var så ekstraordinær at vi måtte til og med ta bilde av han!! I gårkveld var pappa ute og fiska, og fekk ein svær torsk. I dag fekk vi nyyyyydelig kokt torsk til middag. Takk for mat!

søndag, juni 07, 2009

søndagsskuleavslutning!

I dag var det tid for den tradisjonsrike/bundne søndagsskuleavslutninga i utmarka! Kjetil prest heldt gudsteneste ved steinalteret som Ståle laga til i går, og Birgitte var kirketjener. Etter gudstenesta hadde søndagsskule-leiar utdeling av premier til trufaste søndagsskulebarn, og så var det sporløp. Olga, Inger, Birgitte og Synne(datter til Jarle og Britt Remmen) var på det brune laget, men det var desverre det gule laget som vann.. Etter sporløpet var det grilling i "høla" og fanging av rompetroll for barna:) Kari, Runa, Aurora og Theodor hadde også komt då! Oldemor kosa seg med vesle Theodor i den lune kråa! Aurora, Synne og Birgitte hadde det gøy med å få opp dragen, som heitte "Black Beauty", eller "Skjønnheten" som Aurora kalla han!(les: laga av svart søppelsekk). Dragen flaug veldig fint før den mista halen.. :) Takk for ei fin stund i utmarka.



Åse-Britt er heime!

I går kom Åse-Britt heim frå Bolivia! Åsgeir kom køyrande i sitt flotte framkomstmiddel og tok ein rast hos oss i Børsa. Runar - ein Fræna-kompis - henta Åse-Britt på Værnes og køyrde henne til Børsa. Så kosa vi oss alle i lag med eit nattmåltid før Åsgeir drog fram startgassen, opna panseret og fekk lurt i gang bilen!

Takk for ein fin kveld!

mandag, juni 01, 2009

Farmor og Birgitte på farta!

Vi er stadig på farta, farmor og eg! På laurdag var vi bydamer og fekk gjort unna ein god del viktige ærend, og til slutt MÅTTE vi berre ha ein softis i den VARME sola. Då kosa vi oss :)



Her ein dag skulle eg vere sjåfør til kvinneforening, og tok pic-upen når eg henta farmor. I det vi kjørte forbi Nelly sitt hus kom vi på at kanskje ho også skulle på forening, og stakk innom for å sjå om ho ikkje hadde gått. Då det viste seg at Nelly gjerne ville ha skyss ho også, fåreslo eg at eg kunne hente Carawellen, slik at det var plass til begge to. Men sidan det berre var eit par minutt til kvinneforeninga starta, så ville dei heller sitte "litt trangt" enn å komme for seint... Jaja, tenkte eg, dei er vel vaksne nok til å bestemme sjølv... Og vips, så satt vi tre damer i pickupen! Det vart ei skrålande og lattermild transportetappe til kvinneforening:)

onsdag, mai 27, 2009

Farmor på internett

Marit Knardal laga i 10.klasse eit prosjekt med navnet "Kvinner under krigen".  Her intervjua ho farmor og tante Ingeborg.




Les intervju med Olga Laura Godø her!

Eit vakkert syn i hagen

Eppletreet blomstrar for fult!