lørdag, oktober 28, 2006

Inger 51 år!!





26.oktober hadde mamma bursdag. Sjølv hadde ho ikkje planer om å feire dagen, men det var i følge resten av familien uaktuelt. Så ei lita feiring blei det sjølvsagt! Det starta med song og gåver på senga og ein god frokost. Når dei andre var på jobb og skule, stod eg, Birgitte på kjøkkenet å baka kake og bollar, laga middag og rydda huset. Ekte husmor for ein dag:) Øyvind bidrog med å lage desserten når han kom heim; himmelsk sjokolademousse med dronningdråpar! NAM. Farmor, tante Kari og Olve kom å feira dagen saman med oss. onkel Leif var dessverre på jobb til seine kveld. Vi hadde ein koselig kveld ilag!