mandag, august 16, 2010

Saudehornet 1303 moh!

I dag har vore ein BRA dag. Øyvind, Ståle, Harald, Kjersti og Birgitte har bestige Saudehornet. Det var ein deilig tur med godt ver og godt humør. Ståle var spesielt fornøgd med endelig å bestige toppen som han har sett på i 57 år. Vi brukte 2t og 50 min opp, ti minutt raskare enn estimert tid i boka "fotturar på sunnmøre" :) På toppen kosa vi oss lenge, såg på fjelltoppane rundt som stakk opp over skodda, og Ståle fekk til og med blund på auget nokre minutt. Vi såg ikkje Godøya pga all skodda som låg rett rett under toppen. No er vi klare for siste innspurt før bryllupet neste helg! Gler oss til å sjå alle då!!


Brudeparet <3




fredag, august 06, 2010

Veslegut er på plass!


Runa og Øystein sin gut blei fødd 2.august, og beteforeldre og oldeforeldre var på pletten den dagen dei kom heim frå sjukehuset. Vi ville gratulere og bli kjent med dette nyaste skotet på stammen.
Ein kjempeflott gut med ei kraftfull røyst! Den kjem vi nok til å få høyre meir til!