fredag, desember 29, 2006

O store Hovding av Klanen


Det var med dirrande spaning vi viste Olga Laura Godø siste postar på bloggen som er vigd til ætta hennar. Ho lo og smilte og gledde seg over den fantastiske teknologien.

grimasjekollasj


her er vi den 29.desember 2006. Juleslappheita har teke knekken på oss. Vi treng nok litt lenger ferie... Så vi blir nok her til uti februar.

onsdag, desember 27, 2006

Eg klarte det endeleg!


 No har eg (Sigrid) også endeleg klart å bli medlem i Lauras Klan! Dette har eg streva lenge med
å få til, og endeleg gjekk det. Når eg først legg ut ein påst på Lauras Klan, tenkte eg at eg kunne
sende ein liten tanke og helsing til mo gode søster Birgitte som desverre ikkje kunne feire jula 
heime i år.. Det var litt stusselig, og eigentleg ganske trist å ikkje ha ho her på julaftan,
men det måtte vi berre godta.
No lurar eg på å snart ta meg ein liten tur opp til dei i øvre Leitebakk for å strikke saman med Sturla:)
Hei og hå!

tirsdag, desember 26, 2006

Prinsesse Aurora


Prinsesse Aurora og Dronning Runa på visitas i Øvre Leitebakk. Brukte stova som garderobe og dansesal før juletrefest.

mandag, desember 25, 2006

Jul, jul, strålande jul!!

Farmor og eg drog eit lettelsens sukk da vi forsto at Vegarguten min hadde ein reserveplan.. den første gava eg fekk var nemlig eit anker og ein tau-stump... og eg forstod ingen verdens ting:)
Pappa griper entusiastisk tak i den første pakken. Han fekk det ærefulle oppdraget å opne årets julegaveshow!
Tusen takk til alle som bidrog i gavehavet! Vi fekk så mykje fint!

Nattaklem frå Snorre og Raggen.

lørdag, desember 23, 2006

Pepperkakehus i "Nedste Leitebakk"!




Årets pepperkakehusreising!
Konkurranse om finaste taksida: Sigrid og Øyvind mot Kjersti og Ragnhild.
Alle påstår at dei er vinnerar og alle er ueinige.

Andre bilete: Ragnhild og Kjersti si takside
Tredje bilete: Øyvind og Sigrid si takside

Førjulstur til Fræna!

Her er vi!! One big, happy family! Med juletrefangst! Det var ikkje det store utvalget på Skarset i år.. men vi fann oss no kvar våre tre som vi overbeviste oss sjølve om at vi var fornøgde med.. Jentetreet var vel det som krevde lengst diskusjoner før vi fekk fellt. Men så vart det det søtaste også vil eg påstå!
Marcus blei kåra til Årets juletrehogger!
Varm velkomst!
Trøtte gutar på ferga.

TUSEN TAKK FOR EIN KJEKKE DAG!

tirsdag, desember 19, 2006

To trehus!

Her er husa eg har teikna på dei siste månadane!

Eg kjem heim til havgapet i morgon tidleg.
Blir godt.
Gleder meg til å dra til Fræna på Lillejulafta!
Håper mange er der!

Kven frå Øvste blir med nordover?!

Klem frå Ragnhild i asfaltjungelen (som Vegar kaller den herlige hovedstaden vår!!)

tirsdag, desember 12, 2006

Her var det LIV!

Så artig å sjå at det livnar i lundar! Kjærleiken blomstrar og suksessen tyt i alle retningar så det nesten er usmakleg vakkert! Sjølv er eg også svært stolt om dagen. Embetseksamen er endeleg tilbakelagt, og dei 41 sidene eg skribla ned på åtte timar har drege eit tonn av bekyring og stress ut av meg. No er det berre ein filleeksamen igjen, så kan eg leggje eksamenspennen på hylla for godt. Og da feirar psykologspirane på denne måten:-)

søndag, desember 03, 2006

ranglefantar



<< Er vel ikkje så mykje å tilføye? Slik går det med ein bror og ei søster på rangel i Ulsteinvik. Konserten var bra den, og lillebror svinga søster til ho dåna.

YEEEEE!! Eg gler meg til bryllaup i nord :D

torsdag, november 23, 2006

ÅRETS SPILLER!




Øyvind vart i kveld tildelt den ærefulle tittelen "Årets spiller" på Godøy sitt G16 fotballag! I bakgrunnen skimtar vi ei stolt mor:) Og ei like stolt søster må få lov å skryte litt på verdsveven med bilder og rosande ord. Lojalitet, god haldning på og utanfor bana, skills, uendeleg mange treningsøkter og full hengivenhet til fotballen viser seg å gi resultat. Gode resultat! Gratulerer Øyvind! Dette var så vel fortjent.

søndag, november 19, 2006

Nokon skal gratulerast her i slekta!!!

Vi gler oss til annonseringa så gratulasjonane kan sprute ut på verdsveven:)

GRATULERER!

SÅ BRA!!!
No må du berre lære det til desse brødrene dine, Bitte!!
Så begynner bloggen snart å virkelig leve :)
DET kan vi like!

Rapport frå Godøya søndags morgon:

Tilstede: Snorre, Siggen + venninne Anne Martha, Birgitte, Ragnhild + kjærest Vegar (= sant)(!)
Ikkje tilstede: Mamma og pappa ( sikkert på bedehuset)

-vindstille
- sol
- kaffelukt frå kjøkkenet
- planer om å bestige Storehønnjet!

JIPPI!

fredag, november 17, 2006

weeeee!!!

Hurra!!! Åse-Britt har endeleg funne ut korleis ho kan legge inn nyheiter på Olgas klan!! Problemet var vel at eg ikkje forstod kor enkelt det var.... jaja.... no veit eg det i allefall:)

søndag, november 12, 2006

Skjønnheten og Udyret!

Vakre Sigrid på et aller anna eventyr-arrangement på Lundeneset.
Har en følelse av at det er greit å gå på internatskule :)

En kjærest!

Så er han introdusert!!
Han blir med meg på tur til Godøya på fredag. Bli koselig. Eg gleder meg!
Blir godt å komme heim igjen en tur. Blir til tirsdag kveld.
Eg skal på nyttårsleir på Lillehammer i jula så eg blir ikkje heime lenger enn til 27. desember.
Så da blir det ekstra godt å få nokre dagar på den gode øya vår no.
Ha ein god søndag, søskenbarna mine!

Gratulerer Åse-Britt!!!




Bitte har lappen! I går kom ho køyrande frå Hustad ilag med ei venninde frå Rauma folkehøgskule. I Johansgarden hadde farmor duka opp med deilig blandaball til middag, og mykje anna god mat. Vi formeleg rulla oss frå middagsbordet og ut i sofakroken. Etter ein liten middagskvil rulla vi tilbake då kaffien sto på bordet. I lystig lag poserte vi med farmors briller og spela kort, før Bitte-go og Elisabeth måtte sette kursen heimover. Rakk ein liten tur innom nedre Leitebakk før Åse-Britt sette seg bak rattet og rulla heim.

mandag, november 06, 2006

Hærleg brennsnutmiddag!!!




Fredag 3.november var vi samla til brennsnut hos farmor! Kari, Leif, Olve, Runa, Aurora, Øyvind, Gunita og eg, Birgitte. Gunita er ei av arbeidarane frå Latvia som arbeidar hos pappa. Ho bur aleine på campingen, så farmor fåreslo at vi skulle invitere henne til middag. Det var koslig både for Gunita og oss! Vi fekk som sagt hærleg brennsnut med påfølgande kaffi,rips,is og eplekake til dessert. Yammi!! Ein lever lenge på slike middagar!

lørdag, oktober 28, 2006

Inger 51 år!!





26.oktober hadde mamma bursdag. Sjølv hadde ho ikkje planer om å feire dagen, men det var i følge resten av familien uaktuelt. Så ei lita feiring blei det sjølvsagt! Det starta med song og gåver på senga og ein god frokost. Når dei andre var på jobb og skule, stod eg, Birgitte på kjøkkenet å baka kake og bollar, laga middag og rydda huset. Ekte husmor for ein dag:) Øyvind bidrog med å lage desserten når han kom heim; himmelsk sjokolademousse med dronningdråpar! NAM. Farmor, tante Kari og Olve kom å feira dagen saman med oss. onkel Leif var dessverre på jobb til seine kveld. Vi hadde ein koselig kveld ilag!

tirsdag, september 05, 2006

EXPLORING CREATIVITY!

Din tanke er fri?
Sjekk ut www.ragnhildsverden.blogspot.com

Fekk ikkje til å legge den ut som link, Jardar! Hjelp!

søndag, juli 02, 2006

Det var sommer, sol og kjærlighet!


Ja - DET VAR KJÆRLIGHET!!!

Eg har vore på KRIK-leir i Bø i Telemark og kosa meg i sommer, sol og badeland!
Det kom en stram kar bort til meg og spurte om eg var Ragnhild Godø...
Han var nemlig kjæresten til ÅSE BRITT Godø!!!

Gratulerer! Slikt må kunngjerast på verdsnettet!

Eg reiser til havs i morgon og skal joine Birgitte. Enn så lenge er det HERLIG å vere heime på Godøya!
Klem frå Ragnhild.

lørdag, juni 24, 2006

Ekspedisjon - Island!





Runa, Aurora og Birgitte deltok på ekspedisjonen som starta på Godøy fredag 9.juni og endte opp same stad ti dagar seinare, søndag 18.juni. På vegen til Island køyrde vi til Kristiansand, så til Danmark for å ta flyet til Island. Det er eit flott land som bør opplevast! Medan Runa underviste komplett sangteknikk, farta Aurora og Birgitte Island rundt og såg på geysir, gullfoss og besøkte tingvellir! Onsdag kveld reiste vi saman og bada i den Blå Lagune. Så returnerte vi til Danmark, suste avgårde på motorvegen for å nå båten tilbake til Norge, og vendte nasen heim mot fagre Godøy der mormor og morfar Kari og Leif venta oss med deilig kvelds. Det var ein fantastisk tur!!!

onsdag, juni 14, 2006

Grått, vått og flott!



En ekte lofottorsk jeg er, for jeg har vært i Henningsvær! Faderullandei, faderullandei, faderullandullandei! :) Tusen takk for overnattingsfiksing, Torhild! Etter ein regnfull sykkeldag frå Leknes til Henningsvær, sit eg no tørr, varm og glad i stova til Raija og ser ut på styggeveret. Ettersom regnet og vinden ser ut til å ville ta følge med oss heilt til Nordkapp, tek vi med større og større letthet inn hos meir og meir perifere vennar her oppe i nord. Det andre bildet er frå ei av dei mange ferjene vi tok oppover helgelandskysten. Øya Vega i bakgrunnen. Har det bra!!

søndag, juni 04, 2006

Gittemora seiler!

Ja det var gamalt nytt, Jardar! Men kul artikkel!
Nytt i Oslo er derimot at
1.
Eg har flytta inn i min eigen kåk!
Dælenenggata 31 c er frå i dag open for alle og enkvar! Der er både hjerterom og husrom! Vi seier som Disneyland:
"When you enter - you leave Today and enter the World of Yesterday, Tomorrow and Fantacy!"
Her skal det bli mykje kos, liv og moro!


2.
Gittemora drog til sjøss og tirves på Hurtigruteskipet Trollfjord.



3.
Kjersti tok sykkelen under arma og sikter mot Nordkapp saman med sin kjære Harald.

Hører rykter om har det har skjedd STORE ting i Trondheim også! Men det ville Åse Britt fortelle litt meir om......
VENTER I SPENNING!

onsdag, mai 31, 2006

"Pelemann" er blitt stor!

Det er mogleg dette er gammalt nytt og eg berre er sist på jungeltelegraflinja, men sjekk da:

Per Gjermund er blitt LEIAR!

tirsdag, mai 30, 2006


Hehe, Olgas Klan søkjer visst friluftsopplevingar synkront! Eg og var i mark i helga, og sjekk superbiletet som Kjetilkompis tok av meg med kameramobilen sin:

søndag, mai 28, 2006

sykkeldag





I dag har vi sykla.Heile dagen! Heftig da. Men det var utrulig kjekt. Kjersti og eg starta dagen med å sykle til Nordmarkskapellet, gudsteneste der. Så sykla vi il Sinsen på baby-besøk hos Gry og Asgeir, og videre derfrå til Elin Merete og Kristian som hadde termin i dag. Deretter rulla vi videre til Ragnhild og laga nydelig laksemiddag med påfølgende frukt og is til dessert. It was a beautyful day!

Linkar

Eg har lagt ut links til dei Sæthersøskena som er på nett. Håpar ikkje eg har gløymt nokon.. Linkane er oppført i aldersrangert rekkefølgje:-) No skal eg ut i Bymarka i fineveret!

torsdag, mai 25, 2006

25.mai-søster-frukost


Vi skålar i kaffi for sol og vår og himmelsprett! Dagen skal vi nyte frå sykkelsetet innover i Nordmarka, Kikut er målet! Kjersti har endelig funne ut at Blogg ikkje er så vanskelig likevel. Kjekt at så mange er med, men kvar blir det av Johansgutta?

Send invitasjonar vidare!!!

Ha ein god dag alle saman!
Klem frå oss

torsdag, mai 18, 2006

17 mai i Trondheim


Stud.psychol. Joar Halvorsen i historisk korrekt Rogalandsbunad
Stud.psychol Jardar Godø Sæther i Sunnmørsbunad med matchande papirkrus med kaffi i handa.

Biletet er teke nasjonaldagen den 17., ved Svaneapoteket i Nidaros, også kjend som Bartebyen Trondheim.

Feiringa foregjekk i sømmelege former. Følgjande gjev eit stikkordsresyme: Marthe+Jardar=sant, frukost hjå kull22 med nybakte bollar og laks. Kaffi og hotdog og vaffel-inntak i roleg passgang langs bakklandet og inn mot sentrum. Tog. Masse kjekke venner i festdrakt og smil. Rømmegraut, spekemat og frisbee i hagen til Kjetil+Aasta=sant.

tirsdag, mai 16, 2006

Konfirmasjon!




Tusen takk for ein veldig fin konfirmasjonfest alle saman. Det var jammen ein utruleg kjekk dag. Eg skriv under på Arne Tunheim sitt sitat:
"Eg er jammen glad for at eg er i slekt med alle dåkke!"