torsdag, november 23, 2006

ÅRETS SPILLER!




Øyvind vart i kveld tildelt den ærefulle tittelen "Årets spiller" på Godøy sitt G16 fotballag! I bakgrunnen skimtar vi ei stolt mor:) Og ei like stolt søster må få lov å skryte litt på verdsveven med bilder og rosande ord. Lojalitet, god haldning på og utanfor bana, skills, uendeleg mange treningsøkter og full hengivenhet til fotballen viser seg å gi resultat. Gode resultat! Gratulerer Øyvind! Dette var så vel fortjent.

søndag, november 19, 2006

Nokon skal gratulerast her i slekta!!!

Vi gler oss til annonseringa så gratulasjonane kan sprute ut på verdsveven:)

GRATULERER!

SÅ BRA!!!
No må du berre lære det til desse brødrene dine, Bitte!!
Så begynner bloggen snart å virkelig leve :)
DET kan vi like!

Rapport frå Godøya søndags morgon:

Tilstede: Snorre, Siggen + venninne Anne Martha, Birgitte, Ragnhild + kjærest Vegar (= sant)(!)
Ikkje tilstede: Mamma og pappa ( sikkert på bedehuset)

-vindstille
- sol
- kaffelukt frå kjøkkenet
- planer om å bestige Storehønnjet!

JIPPI!

fredag, november 17, 2006

weeeee!!!

Hurra!!! Åse-Britt har endeleg funne ut korleis ho kan legge inn nyheiter på Olgas klan!! Problemet var vel at eg ikkje forstod kor enkelt det var.... jaja.... no veit eg det i allefall:)

søndag, november 12, 2006

Skjønnheten og Udyret!

Vakre Sigrid på et aller anna eventyr-arrangement på Lundeneset.
Har en følelse av at det er greit å gå på internatskule :)

En kjærest!

Så er han introdusert!!
Han blir med meg på tur til Godøya på fredag. Bli koselig. Eg gleder meg!
Blir godt å komme heim igjen en tur. Blir til tirsdag kveld.
Eg skal på nyttårsleir på Lillehammer i jula så eg blir ikkje heime lenger enn til 27. desember.
Så da blir det ekstra godt å få nokre dagar på den gode øya vår no.
Ha ein god søndag, søskenbarna mine!

Gratulerer Åse-Britt!!!




Bitte har lappen! I går kom ho køyrande frå Hustad ilag med ei venninde frå Rauma folkehøgskule. I Johansgarden hadde farmor duka opp med deilig blandaball til middag, og mykje anna god mat. Vi formeleg rulla oss frå middagsbordet og ut i sofakroken. Etter ein liten middagskvil rulla vi tilbake då kaffien sto på bordet. I lystig lag poserte vi med farmors briller og spela kort, før Bitte-go og Elisabeth måtte sette kursen heimover. Rakk ein liten tur innom nedre Leitebakk før Åse-Britt sette seg bak rattet og rulla heim.

mandag, november 06, 2006

Hærleg brennsnutmiddag!!!




Fredag 3.november var vi samla til brennsnut hos farmor! Kari, Leif, Olve, Runa, Aurora, Øyvind, Gunita og eg, Birgitte. Gunita er ei av arbeidarane frå Latvia som arbeidar hos pappa. Ho bur aleine på campingen, så farmor fåreslo at vi skulle invitere henne til middag. Det var koslig både for Gunita og oss! Vi fekk som sagt hærleg brennsnut med påfølgande kaffi,rips,is og eplekake til dessert. Yammi!! Ein lever lenge på slike middagar!