torsdag, mai 05, 2011

Nye familiemedlemmar

Eit lite tilbakeblitt til september 2009. Tida flyg..

.. og Laura skal bli storesøster! Vi - foreldre til eit lite barn til. Dersom alt går som vi håper vil underet vil intreffe i november.

Vi har også fått oss ein liten kvalp. Han heiter Rambo og er ein artig og tøff liten krabat. Har allerede hatt sin første tur over Godøyfjellet. Laura elsker han og kaller han Bamma. "Kom Bamma" eller "Bamma søve" er utsagn ho kjem med ein del gongar om dagen for tida! Stas.

fredag, mars 25, 2011

Trulova!

For dei som ikkje er på facebook eller på annan måte har høyrt det: Eg fridde til Marthe og ho sa ja!

sjå
http://martheogjardar.blogspot.com/
for meir om dette

fredag, februar 18, 2011

Nytt liv!


Eg har arva kaktusdilla av farmormor og pappa Ståle og har ståande avleggarar over alt i leiligheta. Og i dag blei eg både overraska og så GLAD! Moderkaktusen får blomster, det har eg aldri sett før! Eg gjekk og smilte heile dagen. Eg måtte ta eit bilete og sende til pappa med ein gong, og her får de også ta del i vidunderet. Eg gler meg skikkeleg til å sjå korleis blomsten ser ut når han sprett.

Vi har eit lite vidunder som veks inni magen min også, vi gler oss til å sjå han / ho også, det blir ca rundt 1. august hvis alt går bra.

Eg høyrde nyss om ei forloving også, HIPP HURRA, det gjorde meg glad!

lørdag, januar 15, 2011

Heisann, her er eg!

Hei! Eg heiter Laurits og vart fødd tysdag 11 jan '11 klokka 1922.
I dag kom eg heim og no ligg eg på sofaen og snorkar. Eg fekk pappa til å leggje ut dette her :)
På bileta ser de eg og meg med familien min, meg medan eg søv, og meg på min første biltur.




torsdag, januar 13, 2011

Ror på jobb


Eit kjent fjes dukka opp i Namdalsavisa.

tirsdag, januar 11, 2011

Bryllup og dåp!

Gratulerer Runa og Øystein! Eit bilete frå den store gledelige overaskinga i romjula :) Utrulig kjekt å få vere til stades!! Dåkke e kule!