mandag, november 08, 2010

Søskenopphopning på Sogn Studentby

Slik ser det ut når det hopar seg opp med sysken frå Olgasklan (i dette tilfellet medlemmar av Sætherstammen) på Sogn Studentby: Takk for besøket!

Søndagsmiddag på Sjetten

Tante Oddhild inviterte nok ein gong svoltne slektningar i Oslo-området på Sjettenmiddag søndag. Etter ein nydeleg brensnut med sviskekompott, var det duka for loppemarknad (der alt var gratis) og eplepai! Veldig kjekt å vere hjå deg tante Oddhild!