søndag, november 15, 2009

Kjersti <3 Harald



Gratulerer!!! Kjersti og Harald er trulova! Alle hjerter gleder seg :) HURRA!

onsdag, november 04, 2009

helsing frå Bolivia!

Nei no var det så lenge sidan nokon hadde gitt livsteikn frå seg på klanbloggen, at eg berre måtte få ut fingeren!

Bolivia er berre heilt utruleg! eg blir stadig meir og meir imponert over kva dette landet kan by på, folket, og fattigdommen..
Eg fortsette jobben eg hadde som engelsklærarassistent på same skulen som før, elevane gir meg meir og meir tillit og det er kjempekjekt! .Om ettermiddag/kveld er eg mykje med vennene mine her.
I helgene reiser eg litt rundt for å bli kjent med meir enn berre La Paz. Til tider er det godt å komme seg ut av alt støyet, bilduren og eksosen... Var i Amazonas og fekk sjå aligator på nært hald! konge-tur!!
Har også venner på gata som er skopussarar. Ein dag lærte eg å pusse. Det synes det er veldig artig at eg pussar deira sko! Det er så sjukt at dei skal bli sett så ned på, berre pga yrket sitt...


Besøkte ein by som heiter Caranavi. Den ligg ca 4t frå La Paz og ca2500m lenger nede. Der traff vi ein mann som vart så innmari glad for besøk! vi fekk blomster og masse frukt! kjempestas! Han viste oss kaffiplantasjen sin som han hadde fått hjelp av misjonsalliansen til å bygge opp. Kult å sjå at det funkar å hjelpe!!