mandag, januar 26, 2009

Tante Kari 60 år!

3x3 HURRA lydde fleire gongar i helga då vi feira at vår kjære tante Kari fylte år! Det var ei storslagen feiring! Takk alle saman for godt samvær, mykje moro, feiring og hygge i helga. Alltid kjekt å samlast. Eg knipsa ein del bilder i helga og legg ut eit lite utvalg her! Håper alle har det bra der dei er, og at det ikkje blir så lenge til vi kan samlast igjen! Birgitte <3



















Ei god helg!

Takk for gode dagar heime på Godøya. 
Det var ei flott feiring av fantastiske tante Kari.
Eg GLEDER meg til bilete og filmar kjem seg på bloggen!


torsdag, januar 15, 2009

Godt selskap


Med Ibsen og Nygaardshaug med på tur kan livet nytast. I fulle åndedrag.

Sitat Osvald i Gjengangere: " Der ute kan det kjennes som noe lykksalig, bare det å väre til i verden."

Farmormor ikkje på nett før neste veke...

Hei! Håper alle har hatt en fin start på det nye året! Her kjem litt info ang farmormor på nett:
Naboen har tråløst nettverk som ho får benytte seg av. Det einaste problemet til no har vore at ruteren vart ødelagt i romjula ein gang, så det tråløse nettverket fungerer ikkje. Eg snakka med dei i går og då sa dei at det mest sansynlig vil vere i orden til neste veke! Så vi satser på det! Då vil de nok etterkvart høyre meir frå farmormor og livet på Godøya. Om de har sendt mail utan å få svar, så er det altså fordi ho ikkje har vore tilkobla verdsveven enda. Så langt har vi lagt inn ein del bilder på dataen som ho elskar å sjå på! Berre å sende henne bilder så det kan bli enda større mangfold der. (det er lagt inn mest bilder frå jul og nyttår på Godøya til no...)

Takk for meg.
Birgitte ;)

onsdag, januar 14, 2009

Nytt år i Brasil

Hola amigas, amigos, priomos y primas, tias y tios y nuestro querida abuela Olga Laura!

GODT NYTT AAR!
Kjekt aa sjaa bilete av dykk alle. Ser at stemninga var god. Vi er heldige som har kvarandre.

Vi har ingen bilete fraa nyttaarfeiringa tilgjengeleg no men det nye aaret moette vi paa ei strand i Rio de Janeiro. Fyrverkeri av dimensjonar vi aldri har vore i naerleiken av tidlegare vart avfyrt fraa taket paa to av hotella like ved havet.

No er vi paa Ilha Grande og nyter sol, varme, badeliv, lengre turar i jungel (vaarmt, men godt aa bevege seg litt). Her er eit bilete fraa ein tur som gjekk til eit fossefall. Sjaa www.ragnhildogvegar.wordpress.com om du vil bli meir misunneleg!! 19.januar er vi tilbake i moderlandet.


torsdag, januar 01, 2009

Godt nytt år!

Her kjem nokre bilder frå nyttår på Godøya. Vil gjerne sjå bilder frå andre nyttårsfeiringar i slekta! Håper alle får eit godt 2009!!!








Før midnatt gjekk dei eldste opp i øvre, medan ungdomane heldt hus i nedre. Vi gjekk oppover i byggefeltet og såg på fyrverkeriet, og etter midnatt fortsatte ungdomsfesten i nedre! Då hadde vi runda med nyttårsforsett, her skal de få det svart på kvitt, så ingen skal gløyme det:
Kjersti: skal begynne å betale flyrens.
Harald: skal ikkje lyge.
Jardar: skal surfe meir, delta i Birkebeineren og vere meir ute i naturen.
Øyvind: skal bli ein betre tapar og få fast plass på A-laget.
Sigrid: skal bli ilag med Teobald, Lese ei bok og lage middag til søskenbarna i Trondheim når nokon lenger sør er på besøk. Teobald må også vere der og han skal lage popcorn som Marthe og Jardar skal inspisere. (Middagen er straffenyttårsforsett fordi ho braut rekkefølga når vi tok runda rundt bordet)
Olve: skal overleve, vere enda meir god med Malin.
Malin: skal vere enda bedre med Olve enn han er med meg! (malin)
Birgitte: Lese meir
Marthe: Vere meir ute i naturen! Surfe meir enn i 2008.
Rakel (venninne av Kjersti): skal lære seg noko nytt og kjøre saktere i bil.