torsdag, januar 01, 2009

Godt nytt år!

Her kjem nokre bilder frå nyttår på Godøya. Vil gjerne sjå bilder frå andre nyttårsfeiringar i slekta! Håper alle får eit godt 2009!!!








Før midnatt gjekk dei eldste opp i øvre, medan ungdomane heldt hus i nedre. Vi gjekk oppover i byggefeltet og såg på fyrverkeriet, og etter midnatt fortsatte ungdomsfesten i nedre! Då hadde vi runda med nyttårsforsett, her skal de få det svart på kvitt, så ingen skal gløyme det:
Kjersti: skal begynne å betale flyrens.
Harald: skal ikkje lyge.
Jardar: skal surfe meir, delta i Birkebeineren og vere meir ute i naturen.
Øyvind: skal bli ein betre tapar og få fast plass på A-laget.
Sigrid: skal bli ilag med Teobald, Lese ei bok og lage middag til søskenbarna i Trondheim når nokon lenger sør er på besøk. Teobald må også vere der og han skal lage popcorn som Marthe og Jardar skal inspisere. (Middagen er straffenyttårsforsett fordi ho braut rekkefølga når vi tok runda rundt bordet)
Olve: skal overleve, vere enda meir god med Malin.
Malin: skal vere enda bedre med Olve enn han er med meg! (malin)
Birgitte: Lese meir
Marthe: Vere meir ute i naturen! Surfe meir enn i 2008.
Rakel (venninne av Kjersti): skal lære seg noko nytt og kjøre saktere i bil.

3 kommentarer:

Unknown sa...

haha! ståande applaus for referenten fråå Jardar, Marthe og Sigrid, som nett har vore på visning

Anonym sa...

Ser kven som er mest gira på å knuse pepperbakedakekakehus:D

Unknown sa...

hehe, kul dokumentar snorrywood!