tirsdag, mars 31, 2009

Besøk!

Kjersti er i byen på kurs. Og vi fekk besøk av henne og Siggen i ettermiddag. Kooooselig! Vegar diska opp med laksewraps til 3 svoltne jenter. Ragnhild vart den stolte vinner av Amerikaner:) .. merk smilet til Vegar. Han hadde ei vending eit stort håp om å vinne. Men møtte si overkvinne. Johoo!! Sveler vart steika, tur med Ronja, fruktsalat. Godt å vere i lag. 

EG HAR EIT FORSLAG, forresten.
Farmor har bursdag tirsdag 21.april. Kjersti og eg er heime laurdag 19. april. Kan vi ikkje ha ei feiring da?!!

"Ei ulykke kjem sjelden aleine"

Då skal Snorrebassen for fyrste gong bidra litt på Olgasklan:)

I helga skulle Farmor, Birgitte og eg på tur og besøke Hustadfolket. Vi sette oss i Karamellen med godt mot. Før vi verkeleg kunne sette kursen mot Hustad, var det ein del ting vi skulle ordne. For eksempel skru av utelyset ved Giske Kyrkja (Earth Hour), videre skulle vi kjøpe blomster og til slutt ein ting til som eg ikkje kan seie her heilt enda:)

I det vi såg Giske Kyrkja 15 meter framfor oss høyrde vi ein merkeleg skranglelyd under oss. Vi stansa, og eg måtte ut å sjekke. Til min store forskrekkelse såg eg at ein del av eksosanlegget berre hang og slang! Dermed var det fram med verktøykassa og begynne å skru!

Her har dykk den delen som blei øydelagd:

Dermed kjøyrde vi den litt mindre stillegående Karamellen på verksted på Vigra, og venta på at onkel Leif skulle hente oss. Etter ein halv time med venting på onkel Leif (som måtte koke opp grauten før han kunne kome), langt ut i "huttiheita" på Vigra bar det heim att igjen omsider. Ja, vi tenkte straks på spelet Millionær: "Du har mista ein del av eksosanlegget, og må rykke tilbake til start!"


Litt trøtt, psykisk skada...åsso Farmor

Vi fekk låne bilen til vår kjære onkel Leif, og dermed bar det til Hustad med ein jappsebil, og den kom vi faktisk fram med...to og ein halv time etter skjema. Ja, då smakte det hærlig med Rijømegraut laga heilt frå botnen av. Ei ulykke kjem sjelden aleine seier eit ordtak, og etter ein god middag slo dette til. Høgre framdekk på vår innleigde Toyota var punktert! Fantastisk!

Men men..hell i ulykke, høle var svært lite, og etter å ha pumpa dekke opp til over 3 bar såg det ut til at dekke kom til å halde heim att. Men før vi tok turen heimover igjen var det kaffikos oppe på Åsgard med Kamilla og Per-Gjermund. Nok eit hærleg måltid, saman med de same og særdeles gode selskapet som hadde vore til middag tidlegare




































På veg heim att måtte vi berre prøve den kule hatten til Farmor!






















mandag, mars 30, 2009

ikkje berre solskin..

DRITTVER på Goødya i dag; surt, grått og pøsende regn. Her kan de sjå sjølve:

fredag, mars 27, 2009

Ein utrulig kveld!

I kveld dro eg ned til farmor og hadde med meg motorsaga. Saman heldt vi på om lag ein time å saga ved. Eg blir stadig imponert over den spreke farmormora vår! Etter arbeidsøkta gjekk vi inn og laga til kveldsmat. Øyvind kom ned etter at han hadde vore fotballtrenar. Nydelig kakao og ferske skiver glei ned. Etter ei stond ville Øyvind spele spel, så han og farmormor forsvann ned i kjelleren for å leite fram spelet. Når dei kom opp att frå kjellaren kom Øyvind berande på eit beist av ein gamal bandspelar og farmor hadde med seg fleire rullar med band som vi kunne spele av. Spennande! Etter litt fiksing med knappar og lydband kunne vi høyre klart og tydelig frå opptaket på bandet som sto i. Det var frå nyttårsaftan i 1955. Vi fekk høyre farfar/morfar som snakka. Det var ei sterk oppleving. Han fortalde om fryseriet som dei nettop hadde laga ferdig, og så mimra dei litt frå året som hadde gått. Farmormor snakka litt, og pappa Ståle var ikkje pappa Ståle den gongen. Når farmormor spurte kva han heitte, kom det så søtt til svar: "ej heite lillebror". Petter var ni år, og Kari var sju år. Olav Rune ville ikkje snakke på lydbandet, men farfar/morfar sa at Olav Rune ønska godt nytt år han også, sjølv om han ikkje ville sei det. Vi fekk ei ivrig avhandling frå Petter om arbeidet med fryseriet og diverse personar som hadde vore innom. Utrulig å høyre på dette opptaket, veldig fin og sterk oppleving.

I morgon reiser Øyvind, farmor og eg til Hustad og skal besøke dei der. Det gler eg meg til!
Birgitte

Kams!

På Onsdag hadde vi kams (=leverkake) og fersk torsk hos farmor. Vi = Øyvind, mamma Inger, tante Kari, pappa Ståle, farmormor og Birgitte) Pappa syntes det var nyyydelig, trur han åt minst fem kamsar! :) Her er nokre bilder av maten før han havna i magane våre!


fredag, mars 13, 2009

Ball og kaffikos i Johans

Etter å ha vore med Aurora i barnehagen i dag sette farmormor i gang med å koke ballemiddag til oss i dag! Dei heldige gjestane var: Sigrid, Øyvind, Olve, Birgitte, Ragnhild, Vegar, Inger og Ståle. Etter eit nydeleg måltid kvilte nokre middag medan andre spela President (Olve var ikkje så veldig god). Og til slutt diska farmormor opp med eit bugnande kaffibord. Mmmm...





No høyrer vi tralling frå kjøkkenet der farmor står og vasker opp. Her er det godt å vere!





tirsdag, mars 10, 2009

Bryllaupshelg i Skien 26. og 27.juni

På tide med ei lita oppdatering frå Oslo!

Eg og Anette lever gode dagar i god forventning mot bryllaupet vårt. Vi gler oss veldig og håpar så mange av dykk som mogleg kan kome. Snart får dei fleste av dykk vonleg invitasjonar óg!(vi har desverre måtta kutte ned litt på min familie - dvs. dei syskenborn fødde før 1980 - desverre!)

Vi har laga ein blogg som de kan kikke på for meir info:
http://anettesturla.blogspot.com

mandag, mars 02, 2009

Linda og Ragnvald har blitt foreldre!



GRATULERER!

Så fantastisk nyheit å få den første dagen i ein ny månad. 
Vi gleder oss med dåkke og gleder oss til å sjå vidunderet.
Velkommen til verda, Sofie!