tirsdag, juli 07, 2009

Sturla og Anette gifter seg!




Laurdag 27.juni gifte Sturla seg med si kjære Anette frå Skien.  Dei vart vigde i Gjerpen kyrkje av ein stolt pappa Leif. Aurora og Noa (den vesle gule bamsen) følgde med at alt gjekk rett for seg i kyrkja.  Etter vigsla fekk alle som var i kyrkja smaka ev bryllaupskaka som Werner, den eine forloveren til Sturla, hadde laga.  Den smakte veldig godt!

Festen feira vi i Skien baptistkyrkje.  Det var ein strålande dag, med omlag 30 varmegrader. Men lokalitetane var kjølige og behagelege.  I ein pause dansa vi ringdans som familien her hadde øvd seg på i Kari sin 60års dag i vinter!

lørdag, juli 04, 2009

Bursdagsfeiring i Øvre



Runa har bursdag i dag, 4.juli, saman med Dronning Sonja.  Johans-bestefar (Runa sin oldefar), hadde også bursdag denne dagen.

Vi feira med middag først.  Til kaffien kom Ståle og Sigrid også.  Runa fekk ein klippfisk i presang.  Ho fekk også ein karaffel frå Hadeland glassverk.