søndag, april 04, 2010

Påsketur!

I går var Ståle, Inger, Øyvind og Birgitte på skikkelig påsketur :) Med kakao, Kvikk Lunsj, appelsin og matpakke i sekken tok vi turen på langrennski rundt vatnet ved Fjellsetra! I det Birgitte sette på seg skia og skulle bøye seg ned etter stavane, knakk den eine bindingen! Ståle var skysskar, og vi køyrte opp til utleigebua ved alpinanlegget. Der fekk vi god service, og nye bindingar var på plass på eit blunk! Så kunne vi begynne å gå.



Inger sa at dette var ein passeleg kosetur, men det var tydelig at vi har forskjellige forestillingar om kva som er ein passeleg kosetur. Når vi var halvvegs begynte Ståle å spørre om det var langt igjen. Det var på tide med ein rast. Kakaoen smakte fortreffelig, og vi fylte på ekstra energi med ein knekk av Kvikk Lunsjen.



Spreke Øyvind med sine lange bein suste frå oss på slutten av turen. Sola steikte skikkelig godt siste etappen og vi kom varme og gode fram til bilen der vi fann fram appelsinene og kjente på kroppen at dette var GODT!







GOD PÅSKE!!!! :)