søndag, april 04, 2010

Påsketur!

I går var Ståle, Inger, Øyvind og Birgitte på skikkelig påsketur :) Med kakao, Kvikk Lunsj, appelsin og matpakke i sekken tok vi turen på langrennski rundt vatnet ved Fjellsetra! I det Birgitte sette på seg skia og skulle bøye seg ned etter stavane, knakk den eine bindingen! Ståle var skysskar, og vi køyrte opp til utleigebua ved alpinanlegget. Der fekk vi god service, og nye bindingar var på plass på eit blunk! Så kunne vi begynne å gå.



Inger sa at dette var ein passeleg kosetur, men det var tydelig at vi har forskjellige forestillingar om kva som er ein passeleg kosetur. Når vi var halvvegs begynte Ståle å spørre om det var langt igjen. Det var på tide med ein rast. Kakaoen smakte fortreffelig, og vi fylte på ekstra energi med ein knekk av Kvikk Lunsjen.



Spreke Øyvind med sine lange bein suste frå oss på slutten av turen. Sola steikte skikkelig godt siste etappen og vi kom varme og gode fram til bilen der vi fann fram appelsinene og kjente på kroppen at dette var GODT!







GOD PÅSKE!!!! :)

6 kommentarer:

Ragnhild sa...

KOOOOSELIG!! Der skulle vi ha vore...

Kari sa...

Sprekingar!

Kjersti sa...

For ein herleg gjeng! Og for eit par med solbrillene, eg smiiiiler :-)

Unknown sa...

ah, det såg deilig ut! Godt med varme påskeminner no når kvardagen er her att. Kjekt å henge ilag i påska, god vår til alle!

Åse-B sa...

så stas=) påska er faktisk ikkje oppskrytt altså! Guds natur viser seg på sitt beste, og i tillegg får vi den beste bodskapen gjennom det som Jesus gjorde! FOR EIN KOMBINASJON!!! :D

kremt.. kjenner at eg vart litt entusiastisk..:)

Birgitte sa...

entusiasme er bra!