søndag, november 12, 2006

Gratulerer Åse-Britt!!!




Bitte har lappen! I går kom ho køyrande frå Hustad ilag med ei venninde frå Rauma folkehøgskule. I Johansgarden hadde farmor duka opp med deilig blandaball til middag, og mykje anna god mat. Vi formeleg rulla oss frå middagsbordet og ut i sofakroken. Etter ein liten middagskvil rulla vi tilbake då kaffien sto på bordet. I lystig lag poserte vi med farmors briller og spela kort, før Bitte-go og Elisabeth måtte sette kursen heimover. Rakk ein liten tur innom nedre Leitebakk før Åse-Britt sette seg bak rattet og rulla heim.

Ingen kommentarer: