onsdag, mai 27, 2009

Farmor på internett

Marit Knardal laga i 10.klasse eit prosjekt med navnet "Kvinner under krigen".  Her intervjua ho farmor og tante Ingeborg.




Les intervju med Olga Laura Godø her!

2 kommentarer:

Olga sa...

Oioioi! Det bildet er frå ein gong Aslaug og eg kom heim frå tur. Eg skal fortelje kvar vi var den gangen. Første stopp var Stranda, der kjøpte eg meg ein gul anorak så eg skulle ha med meg på turen. Aslaug hadde sikkert ein frå før. Du vide verden.. Ja, vi overnatta med ein tremenning første natta, dagen etter kjørte vi innerst i stranda-dalen, til Herdalssetra. Der fekk vi kjøpe oss eit glas med kald mjølk. Så gjekk vi over Ljødalsbrekka, det var eit ganske bratt område, men det var god veg. Det var den gamle postruta. Når vi kom over Ljødalsbrekka, kom vi til Ljøen. Der fekk vi nydelig brennsnut av Laura, mora til tremenningen vår, Rolf. Det er den beste brennsnuten vi nokon gong har smakt, vi mimrar stadig tilbake til den. Vi var i Ljøen den natta og dagen etter. Då plukka vi tyttebær som vi hadde i ryggsekken. Frå Ljøen og inn til Hellesylt fekk vi skyss av ein skyssbåt som gjekk med mjølkespann. Ein slektning rodde oss bort til denne skyssbåten. Frå Hellesylt til Øye fekk vi følge ein buss. Frå Øye gjekk vi til Urke. Derifrå var det båt. JA, ja det var noko for seg. Seint på kvelden kom vi til ein gard, og der sto gardskona på trappa. Vi var så beskjedne at vi spurte om å få overnatte i løa. Ne, vi skulle då få bu i huset! Veit du kva; vi kom inn og då sette ho fram eit svært fat med mjølkerenne som vi fekk ete av. Gode senger fekk vi også! Dagen etter skulle sonen i huset til Ålesund på tannlege, og vi fekk skyss med han og følget. Vi var ikkje utanfor Møre og Romsdal, men ein treng jammen ikkje reise langt for å oppleve mykje! Det var ein utrulig minnerik tur!

Ragnhild sa...

Ååå det ER så kjekt at du er så på NETT, formor! Så flott å få høyre historia bak biletet! Det var litt andre tider. Skal seie kommunikasjonsmoglegheitene har forandra seg! Det må vere vanvittig rart å ha vore vitne til ei så enorm utvikling.
Takk for at du delte denne turen med oss!
Håper du får ei god helg der heime på Godøya.