Vi er stadig på farta, farmor og eg! På laurdag var vi bydamer og fekk gjort unna ein god del viktige ærend, og til slutt MÅTTE vi berre ha ein softis i den VARME sola. Då kosa vi oss :)
Her ein dag skulle eg vere sjåfør til kvinneforening, og tok pic-upen når eg henta farmor. I det vi kjørte forbi Nelly sitt hus kom vi på at kanskje ho også skulle på forening, og stakk innom for å sjå om ho ikkje hadde gått. Då det viste seg at Nelly gjerne ville ha skyss ho også, fåreslo eg at eg kunne hente Carawellen, slik at det var plass til begge to. Men sidan det berre var eit par minutt til kvinneforeninga starta, så ville dei heller sitte "litt trangt" enn å komme for seint... Jaja, tenkte eg, dei er vel vaksne nok til å bestemme sjølv... Og vips, så satt vi tre damer i pickupen! Det vart ei skrålande og lattermild transportetappe til kvinneforening:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
haha....CRAZY-time!
Ej må flire høgt for mej sjøl! So utrulig bra! Dokke leve så heilt kanten at ej nesten blir nervøs sjøl her ej sete i Trondheim:p
Men no e d snart sommerferie! So da kjøme ej susende til Godøya ej me:)Gle mej t å ver me dokke alle sammen!
Det var en god start på dagen å få lese dette friske innlegget! Dåkke e forbildedlige. Snakk om å leve!!!
Fantastisk! Åhhh, det er humor og livsglede på høgt plan. For nokre forfriskende galne gamle damer! Og Birgitte, du er berre kul med dei flettene dine;)
Birgitte du rockar! Og der har du og ho farmormor noko felles gitt! Hoho, eg frydar meg, utrulig kult at du dokumenterar det også!
Legg inn en kommentar