søndag, august 19, 2007

Aafk- Stabæk 1-4

Det var sommer, det var sol og det var kampdag!
Vi stillte mannsterke for å stå imot Stabæk-supporterane - Inger, tante Aud og søskenbarn Peter Sverre!
Ålesund tapte da men... vi hadde ein fin ettermiddag saman likevel!
Turen blei avslutta med at mamma Inger spanderte is på alle - så trass stortap sat vi snart ganske så lykkelige på bryggekanten i Ålesund og slurpa i oss is i kveldssola!


søndag, juni 17, 2007

Eit par av oldebarna dine, farmor!!

Hei farmor!
























Tenkte eg berre måtte legge inn nokre bilde av to av dei flotte oldebarna dine! Dei er fantastiske! No har dei vore her hos oss i Fræna i ei veke ilag med Sveinung. I og med at dei var her så lenge, fekk vi også lære både Jakob og Marcus betre å kjenne.
Berre gle deg til neste gong du får sjå dei!!!
Helsing frå den stolte tanta=)

tirsdag, mai 08, 2007

Sigrid i USA!



Som kanskje ikkje alle veit, so va ej i USA i tre veke denne våren. Eg reiste på studietur med ein del frå skulen, og so blei eg igjen i to veker til, og besøkte slekt der!
Med skulen, besøkte oss den lille byen Decorah. Her budde oss med vertsfamilier, og var med amerikasnske studentar på skulen en dag. Når eg var med slekta, var eg i Arizona ei veke. Der var det full sommer! Vi var her bl.a. i Grand Canyon! Veldig fantastisk, fasinerende og mektig. Elles kosa vi oss saman. Det var så kjekt. - det største eg nokon gong har jort!












søndag, april 08, 2007

Ny versjon?!

Hei!
Eg prøver alt eg kan å overføre bloggen vår til den nye versjonen.. men får det ikkje til. Er det nokon andre som har en link på dashboardet sitt som gir mulighet til å utføre denne handlinga?
Rart at berre Sturla og eg klarer å legge ut poster no..
Skjønner ingen ting, eg!!! :)

torsdag, april 05, 2007

Bilde!

I følge 83-generasjonen er det supert om alle sender eit bilete eller to eller ti til meg med eit bilete av seg sjølv og farmor, av andre av søskenbarna og famormor eller ev. berre av seg sjølv! Vi lager eit slide-show på slutten av filmen og da er det kult å ha med bilete av alle søskenbarna!

Mi mailadresse er ragnhildmg@gmail.com

GOD PÅSKE!

onsdag, mars 28, 2007

FILM TIL FARMORMOR!

Vår kule, spreke, storhjerta farmormor feirer sin 85. bursdag den 21. april 2007. Å ha ei så fantastisk farmormor er eit privilegie. Derfor vil vil hylle henne. I denne anledning har vi begynt en filmproduksjon. Dette er den første filmsnutten som raskt er satt saman:

http://www.snutter.no/app/viewMovie.action?id=2638

(skulle ikkje linken funke - gå inn på www.snutter.no og søk på "farmormor")

tirsdag, mars 27, 2007

Film til farmomormor!

Eg har laga ein morsom liten film til farmormor som eg prøver å få lagt ut på bloggen.
Kanskje kan vi vise han i selskapet. Kanskje kan den redigerast videre!

Kva hvis alle hadde filma ein snutt av bursdagssagen der dei bur?
Berre heilt enkelt med fotokamera.
Og så kunne vi satt det sammen til en bursdagssang frå alle kantar av landet?!

Godøy Mafia

Sjekk ut denne linken!
Den er rå!

http://youtube.com/watch?v=zKpOCV2WAik

Mvh.
Snorre Film AS

mandag, mars 19, 2007

Dei vaksne sine tankar:

Her er tankar som Ståle og Kari kasta fram i møte søndag 11.03.07:

Alle dei 4 borna til Olga har vore med og bestemt at dei vil feire mor sin gebursdag 21.april
Festen tek til med middag i øvre Leitebakk i fire-tida på laurdag 21. april.
Vi held fram med kaffi i nedre seinare på kvelden. Neste morgon avsluttar vi med frukost i øvre Leitebakk.

For å involvere alle familiane og særskilt den yngre garde, foreslår vi at 1983-årgangen i alle familiane , tek ansvar for leiinga av festen. Dette inkluderer Sveinung, Sturla, Sjur og Kjersti. Desse fire er spesielt ansvarlege for å vere kreative og lage ein fin fest for bestemora si.
Dei er samtidig heilt avhengige av at heile storfamilien kjem med innspel. Dersom det skal bli kjekt for Olga og for alle oss andre, må det vere variasjon og breidde i programinnslag og aktørar.

Ståle og Kari skal lage mat (bacalao) og halde hus. Desse to har dermed teke på seg tidkrevjande oppgåver.

Vi treng også kaker, frukt eller andre godsaker til kaffien. Dette må alle familiane bidra med.
Alle reflekterer omkring det fellesgodset av kultur vi har som slekt og som Olga set så stor pris på.

Korleis kan vi gjere denne dagen til ein manifestasjon av det beste vi har fått med oss som vi gjerne vil ta med oss vidare?

Farmormor er 85 år!!!!

Hei søskenbarn!

Kva skal vi finne på av sprell til farmormora vår skal tru?!

Sang, dans, rap, skuespill?

Når kjem dåkke heim?
Eg kjem på fredag utpå dagen..

Klem frå Ragnhild

torsdag, mars 15, 2007

Livet i Porsgrunn























Har de høyrt det? Eg var avbilda i Porsgrunn Dagblad tysdag, i Road Runner jakka åt Klan-hovdingen vår!
(Kanskje nokon av dykk hugsar jakka frå konfirmasjonsfilmen hans Øyvind)

Takk mormor for ei god jakke som både held meg varm og fin i den skarpe vårlufta!

mandag, februar 19, 2007

onsdag, januar 10, 2007

Tur til Nord-Trøndelag






Klanens høvding fornekter seg ikkje!!
Kl 12.00 fredags formiddag fekk ho sms med spørsmål om ho ville bli med på en helgetur til Trøndelag. 14.30 sat ho i bilen saman med Birgitte på veg til Hurtigrutekaia! Fantastisk sprekt!!
Eg tilbringer dei to første vekene av det nye året i Børsa saman med Vegar. Laurdag morgon møtte vi farmor og Birgitte på Hurtigruta Vesterålen og nytte ein herleg frokost. Så satte vi oss i bilden og rulla dei mange mila oppover mot Sveinung og Karen, Marcus og Jacob! Det var langt og lenger enn langt! Vi kjørte oss til og med vill der inne i skogen..
Desto større stas å komme fram! Hadde ein veldig hyggelig dag! Laurdagsgraut, tur i skogen, satte opp mårfelle, nystekte rundstykker og mykje gjestfrihet!
TUSEN TAKK FOR OSS!
Vi anbefaler heile slekta å ta seg ein tur til Altin!

Olga, Birgitte,Vegar og Ragnhild.

fredag, desember 29, 2006

O store Hovding av Klanen


Det var med dirrande spaning vi viste Olga Laura Godø siste postar på bloggen som er vigd til ætta hennar. Ho lo og smilte og gledde seg over den fantastiske teknologien.

grimasjekollasj


her er vi den 29.desember 2006. Juleslappheita har teke knekken på oss. Vi treng nok litt lenger ferie... Så vi blir nok her til uti februar.

onsdag, desember 27, 2006

Eg klarte det endeleg!


 No har eg (Sigrid) også endeleg klart å bli medlem i Lauras Klan! Dette har eg streva lenge med
å få til, og endeleg gjekk det. Når eg først legg ut ein påst på Lauras Klan, tenkte eg at eg kunne
sende ein liten tanke og helsing til mo gode søster Birgitte som desverre ikkje kunne feire jula 
heime i år.. Det var litt stusselig, og eigentleg ganske trist å ikkje ha ho her på julaftan,
men det måtte vi berre godta.
No lurar eg på å snart ta meg ein liten tur opp til dei i øvre Leitebakk for å strikke saman med Sturla:)
Hei og hå!

tirsdag, desember 26, 2006

Prinsesse Aurora


Prinsesse Aurora og Dronning Runa på visitas i Øvre Leitebakk. Brukte stova som garderobe og dansesal før juletrefest.

mandag, desember 25, 2006

Jul, jul, strålande jul!!

Farmor og eg drog eit lettelsens sukk da vi forsto at Vegarguten min hadde ein reserveplan.. den første gava eg fekk var nemlig eit anker og ein tau-stump... og eg forstod ingen verdens ting:)
Pappa griper entusiastisk tak i den første pakken. Han fekk det ærefulle oppdraget å opne årets julegaveshow!
Tusen takk til alle som bidrog i gavehavet! Vi fekk så mykje fint!

Nattaklem frå Snorre og Raggen.

lørdag, desember 23, 2006

Pepperkakehus i "Nedste Leitebakk"!




Årets pepperkakehusreising!
Konkurranse om finaste taksida: Sigrid og Øyvind mot Kjersti og Ragnhild.
Alle påstår at dei er vinnerar og alle er ueinige.

Andre bilete: Ragnhild og Kjersti si takside
Tredje bilete: Øyvind og Sigrid si takside

Førjulstur til Fræna!

Her er vi!! One big, happy family! Med juletrefangst! Det var ikkje det store utvalget på Skarset i år.. men vi fann oss no kvar våre tre som vi overbeviste oss sjølve om at vi var fornøgde med.. Jentetreet var vel det som krevde lengst diskusjoner før vi fekk fellt. Men så vart det det søtaste også vil eg påstå!
Marcus blei kåra til Årets juletrehogger!
Varm velkomst!
Trøtte gutar på ferga.

TUSEN TAKK FOR EIN KJEKKE DAG!

tirsdag, desember 19, 2006

To trehus!

Her er husa eg har teikna på dei siste månadane!

Eg kjem heim til havgapet i morgon tidleg.
Blir godt.
Gleder meg til å dra til Fræna på Lillejulafta!
Håper mange er der!

Kven frå Øvste blir med nordover?!

Klem frå Ragnhild i asfaltjungelen (som Vegar kaller den herlige hovedstaden vår!!)

tirsdag, desember 12, 2006

Her var det LIV!

Så artig å sjå at det livnar i lundar! Kjærleiken blomstrar og suksessen tyt i alle retningar så det nesten er usmakleg vakkert! Sjølv er eg også svært stolt om dagen. Embetseksamen er endeleg tilbakelagt, og dei 41 sidene eg skribla ned på åtte timar har drege eit tonn av bekyring og stress ut av meg. No er det berre ein filleeksamen igjen, så kan eg leggje eksamenspennen på hylla for godt. Og da feirar psykologspirane på denne måten:-)

søndag, desember 03, 2006

ranglefantar



<< Er vel ikkje så mykje å tilføye? Slik går det med ein bror og ei søster på rangel i Ulsteinvik. Konserten var bra den, og lillebror svinga søster til ho dåna.

YEEEEE!! Eg gler meg til bryllaup i nord :D

torsdag, november 23, 2006

ÅRETS SPILLER!




Øyvind vart i kveld tildelt den ærefulle tittelen "Årets spiller" på Godøy sitt G16 fotballag! I bakgrunnen skimtar vi ei stolt mor:) Og ei like stolt søster må få lov å skryte litt på verdsveven med bilder og rosande ord. Lojalitet, god haldning på og utanfor bana, skills, uendeleg mange treningsøkter og full hengivenhet til fotballen viser seg å gi resultat. Gode resultat! Gratulerer Øyvind! Dette var så vel fortjent.

søndag, november 19, 2006

Nokon skal gratulerast her i slekta!!!

Vi gler oss til annonseringa så gratulasjonane kan sprute ut på verdsveven:)

GRATULERER!

SÅ BRA!!!
No må du berre lære det til desse brødrene dine, Bitte!!
Så begynner bloggen snart å virkelig leve :)
DET kan vi like!

Rapport frå Godøya søndags morgon:

Tilstede: Snorre, Siggen + venninne Anne Martha, Birgitte, Ragnhild + kjærest Vegar (= sant)(!)
Ikkje tilstede: Mamma og pappa ( sikkert på bedehuset)

-vindstille
- sol
- kaffelukt frå kjøkkenet
- planer om å bestige Storehønnjet!

JIPPI!

fredag, november 17, 2006

weeeee!!!

Hurra!!! Åse-Britt har endeleg funne ut korleis ho kan legge inn nyheiter på Olgas klan!! Problemet var vel at eg ikkje forstod kor enkelt det var.... jaja.... no veit eg det i allefall:)

søndag, november 12, 2006

Skjønnheten og Udyret!

Vakre Sigrid på et aller anna eventyr-arrangement på Lundeneset.
Har en følelse av at det er greit å gå på internatskule :)

En kjærest!

Så er han introdusert!!
Han blir med meg på tur til Godøya på fredag. Bli koselig. Eg gleder meg!
Blir godt å komme heim igjen en tur. Blir til tirsdag kveld.
Eg skal på nyttårsleir på Lillehammer i jula så eg blir ikkje heime lenger enn til 27. desember.
Så da blir det ekstra godt å få nokre dagar på den gode øya vår no.
Ha ein god søndag, søskenbarna mine!

Gratulerer Åse-Britt!!!




Bitte har lappen! I går kom ho køyrande frå Hustad ilag med ei venninde frå Rauma folkehøgskule. I Johansgarden hadde farmor duka opp med deilig blandaball til middag, og mykje anna god mat. Vi formeleg rulla oss frå middagsbordet og ut i sofakroken. Etter ein liten middagskvil rulla vi tilbake då kaffien sto på bordet. I lystig lag poserte vi med farmors briller og spela kort, før Bitte-go og Elisabeth måtte sette kursen heimover. Rakk ein liten tur innom nedre Leitebakk før Åse-Britt sette seg bak rattet og rulla heim.

mandag, november 06, 2006

Hærleg brennsnutmiddag!!!




Fredag 3.november var vi samla til brennsnut hos farmor! Kari, Leif, Olve, Runa, Aurora, Øyvind, Gunita og eg, Birgitte. Gunita er ei av arbeidarane frå Latvia som arbeidar hos pappa. Ho bur aleine på campingen, så farmor fåreslo at vi skulle invitere henne til middag. Det var koslig både for Gunita og oss! Vi fekk som sagt hærleg brennsnut med påfølgande kaffi,rips,is og eplekake til dessert. Yammi!! Ein lever lenge på slike middagar!