Her er tankar som Ståle og Kari kasta fram i møte søndag 11.03.07:
Alle dei 4 borna til Olga har vore med og bestemt at dei vil feire mor sin gebursdag 21.april
Festen tek til med middag i øvre Leitebakk i fire-tida på laurdag 21. april.
Vi held fram med kaffi i nedre seinare på kvelden. Neste morgon avsluttar vi med frukost i øvre Leitebakk.
For å involvere alle familiane og særskilt den yngre garde, foreslår vi at 1983-årgangen i alle familiane , tek ansvar for leiinga av festen. Dette inkluderer Sveinung, Sturla, Sjur og Kjersti. Desse fire er spesielt ansvarlege for å vere kreative og lage ein fin fest for bestemora si.
Dei er samtidig heilt avhengige av at heile storfamilien kjem med innspel. Dersom det skal bli kjekt for Olga og for alle oss andre, må det vere variasjon og breidde i programinnslag og aktørar.
Ståle og Kari skal lage mat (bacalao) og halde hus. Desse to har dermed teke på seg tidkrevjande oppgåver.
Vi treng også kaker, frukt eller andre godsaker til kaffien. Dette må alle familiane bidra med.
Alle reflekterer omkring det fellesgodset av kultur vi har som slekt og som Olga set så stor pris på.
Korleis kan vi gjere denne dagen til ein manifestasjon av det beste vi har fått med oss som vi gjerne vil ta med oss vidare?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar