I dag var det tid for den tradisjonsrike/bundne søndagsskuleavslutninga i utmarka! Kjetil prest heldt gudsteneste ved steinalteret som Ståle laga til i går, og Birgitte var kirketjener. Etter gudstenesta hadde søndagsskule-leiar utdeling av premier til trufaste søndagsskulebarn, og så var det sporløp. Olga, Inger, Birgitte og Synne(datter til Jarle og Britt Remmen) var på det brune laget, men det var desverre det gule laget som vann.. Etter sporløpet var det grilling i "høla" og fanging av rompetroll for barna:) Kari, Runa, Aurora og Theodor hadde også komt då! Oldemor kosa seg med vesle Theodor i den lune kråa! Aurora, Synne og Birgitte hadde det gøy med å få opp dragen, som heitte "Black Beauty", eller "Skjønnheten" som Aurora kalla han!(les: laga av svart søppelsekk). Dragen flaug veldig fint før den mista halen.. :) Takk for ei fin stund i utmarka.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
ah, ser ut som ein fantastisk dag! black beauty og greier. skal sei dokke får det til.. HEr i trondheim har eg vore hageslappesen i sola idag medan Marthe er på jobb. slått opp telt og alt fungerte. blir forhåpentligvis norgesbilferie på oss i år. berre to og ei halv veke til ferie ca, og tre til Sturla og Anette skal smi seg i hymnens.....
Så koseleg! Såg ut som dåkke alle hadde ein fin dag. Og spesielt farmor og Theodor. Kjekt å få vere litt med!
Ønsker alle ei god veke.
Ragnhild.
ja, veldig kjekt å få vere litt med. Tusen takk! Hjertet blir varmt av sånne innlegg.
Legg inn en kommentar