mandag, november 06, 2006
Hærleg brennsnutmiddag!!!
Fredag 3.november var vi samla til brennsnut hos farmor! Kari, Leif, Olve, Runa, Aurora, Øyvind, Gunita og eg, Birgitte. Gunita er ei av arbeidarane frå Latvia som arbeidar hos pappa. Ho bur aleine på campingen, så farmor fåreslo at vi skulle invitere henne til middag. Det var koslig både for Gunita og oss! Vi fekk som sagt hærleg brennsnut med påfølgande kaffi,rips,is og eplekake til dessert. Yammi!! Ein lever lenge på slike middagar!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Eg og vil! Vil heim! Ha mormormiddag! Mykje heller det enn embetseksamen om fire veker og 12 timars lesedag...
Legg inn en kommentar