torsdag, juli 01, 2010

Færda-lag



Færda-lag for Inge Jonny frå Austevoll (nr 2 frå venstre). Han har vore fiskar her oppe først etter torsk og så etter reker. Dei andre på biletet er El Huari - palleteringsformann(nr 1 frå venstre), Jonny - kaisjef/bryggeformann (nr 3 frå venstre) og Ståle - daglig leder.

onsdag, juni 30, 2010

Kveldstur i dagslys!



Eit lite glimt frå nord! Ståle og Birgitte tok ein kveldstur i lysløypa og utforska nye stiar i naturen på Skjervøya i kveld! Dette biletet er tatt kl 21.30 og sola står framleis høgt på himmelen! Det er vakkert i nord!

Olgas Klan sitt neste medlem

I dag var vi hjå legen og fekk høyre klare og tydelege hjarteslag frå Lille Luringen som gøymer seg i magen.  Dermed vart det enno meir verkeleg at Olgas Klan skal få eit nytt medlem - truleg rundt nyttårstider!  Gratulerer Farmormor! 



tirsdag, juni 29, 2010

VELKOMMEN TIL OSS

Vegar, Sigrid, Laura og Ragnhild er på besøk. Vi sit og ser i ei gamal gjestebok og frå 1967 fann vi dette velkomstdiktet. Forfattar er nok Kari. Syntes det var så kjekt at vi ville dele det med dåkke:

Dersom du ein gong så heldig er
at i land du på Godøy kjem
så spør etter Johans og oss fem her
då kjem du heilt sikkert fram.

For Johans er namnet på garden her
frå eldgammal tid er det nok.
"Johans-Petter" kjend vide er,
vi andre slikt namn og har fått.

Petter, Olav Rune og Ståle-mann
er mannfolka her i garden.
Dei likar seg best når rote dei kan
med traktor og mold all dagen.

Damene er i mindretal,
kun ei dotter i huset.
Men trur du at kvinnfolka dermed vil
late seg underkue?

Velkommen til heimen vår du er
vi vonar du trivst her med oss.
Vi ynskjer deg velkommen tilbake her
så snart du berre får lyst!

søndag, mai 23, 2010

Laura og Besten :)

Hurra for 17.mai!



Laura syntes det var veldig kjekt å feire sin første 17.mai saman med Godøy-besten!

mandag, mai 10, 2010

KAREN OG JAKOB

Karen: Jakob koffer klyppa du i stykker genseren din?
Jakob: Men mamma da,æ skulla jo bare se om æ klart å klypp den akkurat passe slik at du klart å reparer den......
Karen: Det går ikkje du har klippa på kryss å tvers av magen:::!
Jakob: VUÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ, og den fine genseren som æ fikk fra bestemor!Du e dom!!!

søndag, mai 02, 2010

prøver igjen



Birgitte såg ikkje bildet, så eg prøvar på ny.
Posted by Picasa

Da Peder lærte å drikke med sugerør





Vi hadde gledelig overraskelsesbesøk her igår. Storsjarmørane Peder og Per kom innom. Takk for ein trivelig ettermiddag ilag!

søndag, april 04, 2010

Påsketur!

I går var Ståle, Inger, Øyvind og Birgitte på skikkelig påsketur :) Med kakao, Kvikk Lunsj, appelsin og matpakke i sekken tok vi turen på langrennski rundt vatnet ved Fjellsetra! I det Birgitte sette på seg skia og skulle bøye seg ned etter stavane, knakk den eine bindingen! Ståle var skysskar, og vi køyrte opp til utleigebua ved alpinanlegget. Der fekk vi god service, og nye bindingar var på plass på eit blunk! Så kunne vi begynne å gå.



Inger sa at dette var ein passeleg kosetur, men det var tydelig at vi har forskjellige forestillingar om kva som er ein passeleg kosetur. Når vi var halvvegs begynte Ståle å spørre om det var langt igjen. Det var på tide med ein rast. Kakaoen smakte fortreffelig, og vi fylte på ekstra energi med ein knekk av Kvikk Lunsjen.



Spreke Øyvind med sine lange bein suste frå oss på slutten av turen. Sola steikte skikkelig godt siste etappen og vi kom varme og gode fram til bilen der vi fann fram appelsinene og kjente på kroppen at dette var GODT!







GOD PÅSKE!!!! :)

onsdag, mars 31, 2010

Atlanterhavsparken!

I går skulle Aurora, Theodor og Runa på akvariet, og Sturla, Jardar, Marthe, Øyvind og Birgitte fekk bli med :) Vi såg dykkaren som mata fiskane og kosa med steinbiten. Aurora var kjempetøff og løfta hummeren opp av vatnet i krabbefiskerommet! Vi såg på pingvinane som blei mata, og fekk mate fiskane i det eine akvariet sjølve. Ein veldig kjekk dag på Atlanterhavsparken i Ålesund!


Flotte fargar!


Øyvind og Aurora ser på dykkaren som matar fiskane


Sturla er glad!


Theodor og fadder-onkel Jardar har det også kjekt!


Steinbiten ville ha kos :)


Theodor helser på herr Skate


Tøffe Aurora held hummeren


To glade fiskar :)

tirsdag, mars 02, 2010

Sofie 1år

I går blei Sofie 1 år! Vi gratulerer!



mandag, januar 11, 2010

Godt nyttår!

Og takk for det gamle! Eg knipsa ein del bilder i jula og ved nyttår. Godøya har stått i nydelig vinterdrakt dei siste vekene, og vi har vore på skiturar både bortover, oppover og nedover! Veldig kjekt med skikkelig vinter på Godøya! Takk for gode stunder med storfamilien denne jula. Vi er heldige som har kvarandre.


Sigrid og Inger i Leiningane.


Kjersti, Sigrid og Harald på fjelltur!


Laura og Oleanna kosar seg på stovegolvet hjå oldemor!


Stjerneformasjon oppå Egga!


Ein pust i bakken!

søndag, desember 20, 2009

Kaffi i Øvste

Aurora og Teodor overnatta hos mormor og besten så da er det liv i stova. Farmormor, Sigrid, Birgitte, Kjersti, Ragnhild, Laura og Vegar kom også og fekk nydeleg kaffimat. Ein koselig kveld med intimkonsert av Sangstjerna Aurora.Familiens private kraftverk var i aksjon heile kvelden.. og heile påfølgande natt har vi hørt rykter om!!
Takk for ein koselig ettermiddag.

Førjuls 2009

19.desember var det duka for årets Førjulsturnering i Godøyahallen. Øyvind Snorre hadde tromma saman eit lag som han kalla "Olgas venner". Olve, Sigrid, Vegar, Ørjan og Kristoffer var spelarane som ofra liv og lemmer for Olga!

Og Olga Laura var der og heia!

"Berre eg er saman med dykk kan eg vere kvar som helst", seier farmormor. Og vi synest det er så kjekt å vere i lag med deg.

Farmormor spanderte kaffi og kaker i kafèen etter kampen.

Kaka var GOD: "Akkurat som eg skulle laga den sjølv".

Heiagjengen fulgte ivrig med. "Olgas venner" leda halve kampen over fjorårsvinnarane men måtte sleppe inn 2 mål som sendte dei ut av turneringa for denne gang. Så no er det berre å trene til neste år!

søndag, november 15, 2009

Kjersti <3 Harald



Gratulerer!!! Kjersti og Harald er trulova! Alle hjerter gleder seg :) HURRA!

onsdag, november 04, 2009

helsing frå Bolivia!

Nei no var det så lenge sidan nokon hadde gitt livsteikn frå seg på klanbloggen, at eg berre måtte få ut fingeren!

Bolivia er berre heilt utruleg! eg blir stadig meir og meir imponert over kva dette landet kan by på, folket, og fattigdommen..
Eg fortsette jobben eg hadde som engelsklærarassistent på same skulen som før, elevane gir meg meir og meir tillit og det er kjempekjekt! .Om ettermiddag/kveld er eg mykje med vennene mine her.
I helgene reiser eg litt rundt for å bli kjent med meir enn berre La Paz. Til tider er det godt å komme seg ut av alt støyet, bilduren og eksosen... Var i Amazonas og fekk sjå aligator på nært hald! konge-tur!!
Har også venner på gata som er skopussarar. Ein dag lærte eg å pusse. Det synes det er veldig artig at eg pussar deira sko! Det er så sjukt at dei skal bli sett så ned på, berre pga yrket sitt...


Besøkte ein by som heiter Caranavi. Den ligg ca 4t frå La Paz og ca2500m lenger nede. Der traff vi ein mann som vart så innmari glad for besøk! vi fekk blomster og masse frukt! kjempestas! Han viste oss kaffiplantasjen sin som han hadde fått hjelp av misjonsalliansen til å bygge opp. Kult å sjå at det funkar å hjelpe!!

tirsdag, september 29, 2009

Laurdagskos

Tante Kari og onkel Leif, Marthe og Jardar, Kjersti, Birgitte og Sigrid var sist laurdag på besøk hos oss i Børsa. Veldig koseleg. Takk  for ein fin kveld.