Nei no var det så lenge sidan nokon hadde gitt livsteikn frå seg på klanbloggen, at eg berre måtte få ut fingeren!
Bolivia er berre heilt utruleg! eg blir stadig meir og meir imponert over kva dette landet kan by på, folket, og fattigdommen..
Eg fortsette jobben eg hadde som engelsklærarassistent på same skulen som før, elevane gir meg meir og meir tillit og det er kjempekjekt! .
Om ettermiddag/kveld er eg mykje med vennene mine her.
I helgene reiser eg litt rundt for å bli kjent med meir enn berre La Paz. Til tider er det godt å komme seg ut av alt støyet, bilduren og eksosen... Var i Amazonas og fekk sjå aligator på nært hald! konge-tur!!
Har også venner på gata som er skopussarar. Ein dag lærte eg å pusse. Det synes det er veldig artig at eg pussar deira sko! Det er så sjukt at dei skal bli sett så ned på, berre pga yrket sitt...
3 kommentarer:
Så KJEKT å sjå litt frå kvardagen din der borte! Eg blir så GLAD på dine vegna for at du får oppleve alt dette.
Nyt livet!
Fantastisk innlegg Åse-Britt!!
eg nyt det!!!!! verkeleg!!
Legg inn en kommentar