For eit vèr og for ei øy! For ein himmel og for eit hav! For ei strand, og for nokre bølgjer!
Jardar, Marthe, Sjur og eg er på roadtrip i høve 120-års-feiringa til tante Synnøve og inkel Petter i morgon. I dag er vi på Godøya.
Jardar prøvekøyrde oss ein liten formiddagstur ut på Alnes for å sjå på surfebølgjene. Det var meldt 10 meter høge bølgjer på Stadt i dag. Det er ein del, det!
Etter ein fantastisk tur ut i stormkasta heiv vi oss inn att i Opelen vår og susa gjennom holet i fjellet og heim til farmormor. Der stod kaffi og lefser på bordet. Og Eplerose sjølvsagt! Nydeleg.
2 kommentarer:
FANTASTISKE BILETE!!!! Eit sånt vil eg gjeeerne ha på lerret, Ragnhild:)
Desse bileta er tatt med mobilkamera.. og ikkje av beste kvalitet! Så dei kjem nok ikkje på lerret i form av foto i alle fall :)
Legg inn en kommentar