fredag, februar 18, 2011

Nytt liv!


Eg har arva kaktusdilla av farmormor og pappa Ståle og har ståande avleggarar over alt i leiligheta. Og i dag blei eg både overraska og så GLAD! Moderkaktusen får blomster, det har eg aldri sett før! Eg gjekk og smilte heile dagen. Eg måtte ta eit bilete og sende til pappa med ein gong, og her får de også ta del i vidunderet. Eg gler meg skikkeleg til å sjå korleis blomsten ser ut når han sprett.

Vi har eit lite vidunder som veks inni magen min også, vi gler oss til å sjå han / ho også, det blir ca rundt 1. august hvis alt går bra.

Eg høyrde nyss om ei forloving også, HIPP HURRA, det gjorde meg glad!