onsdag, mai 27, 2009

Farmor på internett

Marit Knardal laga i 10.klasse eit prosjekt med navnet "Kvinner under krigen".  Her intervjua ho farmor og tante Ingeborg.




Les intervju med Olga Laura Godø her!

Eit vakkert syn i hagen

Eppletreet blomstrar for fult!

tirsdag, mai 19, 2009

Ein historisk dag

I dag er ein historisk dag! Jardar og eg, Ragnhild, har CHATTA med farmormor! 
DET er kult, det.

Medan Øyvind såg på Sporten og drakk brus, Birgitte og pappa kom inn med nyfiska sei så sat farmor og var opptatt med internett!

Takk for praten.

17.mai i Børsa





 Mamma, pappa, Snorre og Gittemora kom køyrande frå Godøya. Siggen blei med oss i frå Trondheim. Og så feira vi 17.mai saman. VELDIG godt å ha dåkke alle her i helga.

17. mai starta med ein tur i fjøra, lang og god frokost, gudstjeneste, tog, kulturelle innslag, kaffi, is og kaker på Børsa Barneskole før vi gjekk heim og grilla oss eit betre måltid heime i tunet.

Det er godt å vere saman.

mandag, mai 18, 2009

17.mai i Leitebakk












17.mai feiringa i Øvre Leitebakk begynte tidleg i år. Vi hadde frokostselskap saman med oldemor, Olve, Runa, Teodor, Aurora, Kari og Leif.





Aurora og mormor pynta frokostbordet. Men før frokosten, måtte Teodor bade seg. Alle må vere reine og nypynta til 17.mai!
Seinare på dagen gjekk vi i tog. Nokre deltok på Godøya og nokre på Valderøya. Så åt vi middag saman heime. Kaffi og kaker kosa vi oss med på hallen før festen, som var klokka fire.

fredag, mai 08, 2009

Hei oldemor!

Vesle Peder helsar med dette biletet til oldemor på Godøya og resten av slekta. Han vog 4240 gram og var heile 54 cm då han kom til verda. Alt står bra til med både Peder og mor Camilla. Per er stolt og livet er stort! 


onsdag, mai 06, 2009

Gratulerer Camilla og Per Gjermund!

Vi blei så glade for den store nyheita då vi fekk vite at i går blei Camilla og Per Gjermund foreldre til ein gut! Gratulerer!!!